2
UTDANNINGSMESSA 2020
Velkomen til utdanningsmessa 2020
I ÅR ER DET den 30. Utdanningsmesse for Sunnhordland som Stord Rotaryklubb arrangerer 22. og 23. januar.
Det er medlemmene i klubben som
legg til rette og gjennomfører messa
til glede for elevar i 9. og 10. klassetrinn i ungdomskule og elevar i vidaregåande skule. Elevane kjem frå
Sunnhordlandsregionen. På messa
får dei møte representantar frå ulike
skuleslag, store og små verksemder og
høgskular/universitet for å skaffe seg
kunnskap om fag og utdanningsvegar.
I år er det Fylkesdirektør for opplæring i Vestland Fylkeskommune Bjørn
Lyngedal som kjem til Stord for å opne
messa vår. Fylkesdirektøren har ansvar for all vidaregåande opplæring i
den nye fylkeskommunen frå 1. januar
2020.
KVART ÅR under opning av Utdanningsmessa vert det delt ut eit utdanningsstipend til ein person som held
på med høgare utdanning eller som er
yrkesaktive og driv utviklingsarbeid.
Det er eit krav at søkjarane har planar
om å ha sitt framtidige virke i regionen
vår. Storleiken på stipendet er i år auka
til kr. 40.000,- og det er Sunnhordland
Kraftlag AS (SKL) og Stord Rortryklubb
som sponsar stipendet.
I 2019
var det Ane Agdestein frå Stord som
fekk stipendet. Ho studerer arkitektur
og ynskjer i framtida å flytte tilbake til
heimkommunen for å praktisere faget
sitt.
Stord Næringsråd er ein viktig samarbeidspartnar under Utdanningsmessa. Dei vil også i år arrangere eit
miniseminar om Samarbeid Skule
Arbeidsliv i Auditoriet i Idrettsparken
onsdag 22. jan. kl. 12.30 14.30. Tema i
år er Nye læreplanar og kva behov og
forventningar bedriftene har.
Kiosken under messa er det Stord Inner Wheel som driftar. Flotte kafèvertar som utfører ein strålande jobb til
beste for både elevar og utstillarar.
Lengre bak i messeavisa finn du ein
faktaboks om Inner Wheel som organisasjon.
UNDER OPNINGA AV MESSA vert det
også delt ut premie for Beste Stand. I
så er det mange Stord Rotayrklubb
ynskjer å takke.
Dette gjeld alle dei
som på ein eller annan måte bidrar eller har bidratt til at Utdanningsmessa
for Sunnhordland lar seg realisere og
gjennomføre. Spesielt vil me retta ein
stor takk til alle utstillarane som år
etter år møter fram i messehallen for
å møte og informere dei utdanningssøkjande ungdommane i regionen vår.
2018 var det Stord kommune som vart
vinnar. Premien var eit bilde av Magne
Kjellesvik og diplom som vart delt ut
under opninga av Utdanningsmessa i
2019. Under årets Utdanningsmesse
vert det også delt ut premie og diplom
for Beste stand i 2019.
Til Utdanningsmessa i år er det påmeld omlag 2200 elevar og så langt har
72 utstillarar meldt seg og tinga plass i
messehallen. I tillegg trur me at 200 300 publikum finn vegen til messa vår
Når me no arrangerer messe nr. 30
Lykke til på
utdanningsmessa
Det er ei spennande tid de no går i
møte. Om eit halvt år skal de starta på
nytt studie, i ny klasse, på ein ny skule.
Nokon skal framleis bu heime, medan
andre skal flytta til ein ny plass, og for
første gong bu for seg sjølv. Men før
det, skal ein bruka våren på å søkja på
skule, vente spent på om ein får komme inn på den linja ein aller helst vil
gå på, og forhåpentlegvis komme inn
på den skulen ein ynskjer.
I Norge er me heldige. Me har mange utdanningsvegar å velje mellom,
og uansett kva ein vel opnar det seg
opp nye dører, og nye muligheiter. For
mange kan det nok opplevast at ein
har litt for mykje å velje i. Difor er det
viktig å nytte utdanningsmessa til å
snakka med utstillarane. Kanskje finn
du ein skule som passar akkurat deg,
eller ein arbeidsplass eller yrke som
verkeleg interesserer deg.
Det er mange faktorar som speler inn
når ein skal velje utdanning. Kvar vennene dine søkjer, og kva foreldra dine
vil, kan spele ei stor rolle. Andre ting
mange tenkjer på er kva ein ynskjer i
lønn, kva arbeidstid ein vil ha, og ikkje
minst kor lang utdanning ein vil ta.
Den viktigaste faktoren er, og bør uansett sett vere, kva du ynskjer å bli.
Det kan virke skummelt å gjere eit
val allereie som 15- og 16-åring, om
kva ein ynskjer å jobbe med. Nokon
veit nok allereie kva dei vil bli, andre
bestemmer seg kanskje på utdanningsmessa, medan nokre framleis vil
vere usikre når dei søkjer. Det er heilt
naturlig. Nokre vil vere veldig fornøyd,
og føle at dei treff godt på valet, medan
andre kanskje innser at det ein valte
ikkje passa heilt for seg. Då er det alltid
muligheiter for vidareutdanning, eller
ME VIL OGSÅ retta ein stor takk til alle
skulane i regionen som legg til rette for
at elevane får reise til Utdanningsmessa og gjere seg nytte av vårt tilbod med
informasjon om fag-og utdanningsvegar, samstundes som me som klubb
kan få praktisere vårt flotte motto Å gagne andre.
Til sist vil eg ynskje alle elevar lukke til
med studie-og yrkesvalet sitt.
Bømlo, januar 2020
Robert Halleraker
Prosjektleiar
MESSEKART
63
Toalett
Ut
Kiosk
64
Ut
Naudutgang
20
19
Inn
1
62
44 43
61
45
60
46
59
omskulering, og ein har god tid på seg
til å gjere endringar undervegs.
Eg håper alle saman finn utdanningsmessa nyttig, og ikkje minst at
den er interessant for alle. Mitt råd er å
bruka dagen så godt som mulig. Kanskje finn du din framtidige arbeidsplass på akkurat denne messa.
Eg vil nytta dette høve til å gratulera
Stord Rotaryklubb med 30-års jubileum
for utdanningsmessa, og retta ei stor
takk for jobben ein legg ned for å arrangere denne møtestaden mellom
ungdommane, bedriftene og utdanningsinstitusjonane.
Eg vil ynskja lykke med messa og lykke
til med utdanningsvalet!
47
58
48
49
57
50
56
42
31
41
32 28
40
33
17
3
21 16
4
34
38
35 26
37
36
5
15
27
39
2
18
29
14
6
22 13
7
23
12
8
25
51
24 11
55
9
Naudutgang
54
53
Kåre Martin Kleppe
Ordførar i Tysnes kommune
30
52
Scene
10
MEIR ENN 60 UTSTILLARAR ER PÅMELDT TIL MESSA I ÅR!
Tillegg til Sunnhordland onsdag 15. januar 2020 2020 STORD IDRETTSPARK VIKAHAUGANE 22.23. JANUAR 2020 ARR.: STORD ROTARYKLUBB 30 år med utdanningsmesse I heile 30 år har Rotary arrangert utdanningsmesse for ungdommar. Her er det Christina Koløen som testar promillebrillene til Sunnhordland Trafik
2 UTDANNINGSMESSA 2020 Velkomen til utdanningsmessa 2020 I ÅR ER DET den 30. Utdanningsmesse for Sunnhordland som Stord Rotaryklubb arrangerer 22. og 23. januar. Det er medlemmene i klubben som legg til rette og gjennomfører messa til glede for elevar i 9. og 10. klassetrinn i ungdomskule og eleva
3 UTDANNINGSMESSA 2020 NR. NR UTSTILLAR UTSTILLAR HEIMESIDE HEIMESIDE 1 Stord Rotaryklubb http://www.stord.rotary.no 2 Avisa Sunnhordland http://www.sunnhordland.no 3 Tveit vidaregåande skule http://www.tveit.vgs.no 4 Krokeide vidaregåande skole http://www.lhl.no/krokeidevgs 5 Un
4 UTDANNINGSMESSA 2020 TANNPUSS ER VIKTIG: Kathrine Andrea Bjørnevik pusser tennene på pasienten Vårin Løklingholm Engevik. Gjev omsorg og får vennskap og gode historier Dei som går vg2 på helsefagarbeidarlinja ved Bømlo vidaregåande skule, har både kols og demens på timeplanen. Geir Rommetveit
UTDANNINGSMESSA 2020 KOLSBEHANDLING: Brit Onarheim i senga har liksom kols, og Thalitha Andrea Garberg Goa gjer det ho kan for å få ho frisk. ALLE FOTO: GEIR ROMMETVEIT ren er glad for at dei fekk ekstraløyvingar til heilt moderne sjukesenger, og ho meiner praksis er svært viktig. Til alle læremå
6 UTDANNINGSMESSA 2020 SAUENE SKAL FÅ DET LUNT: Johannes Aga, t.v. og Thomas Paulsen kler veggene i sauefjøset. STOLTE OVER RESULTATET: Henrik Steinsland (t.v.), Jibril Mohamed og Håvard Aarbø skapar varige verdiar og er i ferd med å få yrkesstoltheit. Stolte over løa dei byggjer NY LØE TRONGST
UTDANNINGSMESSA 2020 7 Stord Rotaryklubb Me takkar følgjande hovudsponsorar og andre for økonomisk støtte Tysnes kommune Stord kommune Bømlo kommune Etne kommune Fitjar kommune Sveio kommune Hageland Stord, NCE Maritime Clean Tech, Fylkesnes Bil AS, ERKO Settefisk AS, Auto Industri AS, Stord
8 UTDANNINGSMESSA 2020 ELSKAR Å FISKA: Mads Kjærland er no lærling og vil kjøpa sin eigen båt. FOTO: GEIR ROMMETVEIT Elskar å fiska og vil bli fiskar sjøen nær Sagvåg og har levd med å bruka sjøen heile livet. Mads Kjæland vaks opp i Dåfjorden og har alltid vore interessert i å fiska. Eg var all
UTDANNINGSMESSA 2020 9 Akvakulturutdanning på Bømlo MYKJE Å FØLGJA MED PÅ: Prosessoperatør Natalie Danmo overvakar kva som skjer fleire stader i produksjonen ved Bremnes Seashore. BEGGE FOTO: GEIR ROMMETVEIT Næringslivet og den vidaregåande skulen skal samarbeida om utdanninga. Geir Rommetveit
10 UTDANNINGSMESSA 2020 Står framfor store og vikti FEKK SVAR: Nora Urang (15) og Malin Urangsæter (15) fann ut kva dei kan tenkja seg å bli, og kva dei ikkje vil bli. ALLE FOTO: PÅL SOLLI PAULSEN NØGDE: Både elev Marcus Ekeberg Tiandeklassingane føler dei veit meir om kva val dei skal ta - ell
UTDANNINGSMESSA 2020 ge val 11 Berre tre av ti fullfører b MELLOM 2013 og 2018 var det i gjennomsnitt 30 prosent av lektorstudentane som fullførte på studiet på normert tid, syner ein rapport frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut). Lektorutdanningane har studentar med gode karakte
12 UTDANNINGSMESSA 2020 Stand nr 47 Vil du bli lærling innan elektrofag? Me fylgjer deg frå skule til fagbrev Opplæringskontoret har ca 200 lærlingar og har medlemsbedrifter i heile regionen For info og hjelp kontakt oss på tlf. 975 67 717, e-post: post@hso-elfag.no www.hso-elfag.no Yrkesvalg o
UTDANNINGSMESSA 2020 Utdanningsmessa er vårt flaggskip Til elevar, foreldre og andre som er interesserte i utdanning, yrke og framtida for våre unge. Rotary International har som mål å gagne andre og og organisasjonen har fleire område som ein prøver å gagne, internasjonalt, nasjonalt, regionalt og
14 UTDANNINGSMESSA 2020 Trivselsskulen Dei 200 elevane ved Fitjar vidaregåande skule har ein god plass å vera og god plass å læra. TRIVSEL PÅ DESIGNLINJA: Thea Markhus og Andreas Rikstad Halvorsen meiner dei er på rett plass. FOTO: SYDVEST Geir Rommetveit Her er det eit intenst samhald mellom
UTDANNINGSMESSA 2020 15 VIL STUDERA VIDARE: Alle desse har teke ulike fagbrev og tek no påbygg til studiekompetanse. Frå venstre Anette A .Østebøvik, kokk, Jonas Saue Almås, tømrar, Arne Nordhaug, barn- og ungdom, Helene Volden de Fine, agronom og Taher Qassemi, sveisar. FOTO: GEIR ROMMETVEIT Påb
16 UTDANNINGSMESSA 2020 15 avgangselevar om vegen vidare Bremnes ungdomsskule Nordbygdo ungdomsskule 1. Kva vil du bli? 2. Kva er draumeyrket? 3. Kva yrke er det verste du kan tenkja deg? Nysæter ungdomsskule Rimbareid ungdomsskule Stord ungdomsskule MARIANN KJØSNES ØKLAND 1. Eg vil bli sj
UTDANNINGSMESSA 2020 LAKS ER FRAMTIDA Allsidige jobbar i nærområdet ditt Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og er stadig på jakt etter dyktige fagfolk. www.alsaker.no 17
18 UTDANNINGSMESSA 2020 NETTINGDAME: Åsmund Hansen går på designlinja og vil bli illustratør. FOTO: GEIR ROMMETVEIT Frisør, blomar og interiør i Fitjar Nytt designtilbod i Fitjar for dei som vil bli frisør, jobba med blomar eller interiørdesign erstattar designlinja. Geir Rommetveit Det var knyt
UTDANNINGSMESSA 2020 19 Yrande liv på Utdanningsmessa i fjor. ALLE FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN FITJAR V G studierådg S: Elev på restaura nt je Fitjar VGS var Hilde Førre var og matfag, Morten . blant dei so Ne m represe ss, og nterte arie ov (t.v.) og M riksen Radul E ed m na r, le E fjo : i
20 UTDANNINGSMESSA 2020 Hans Hallaråker er lærling på eit oppdrettsanlegg, og føler laksen frå små babyar til slakting. May-Helen Rolfsnes Kva gjer ein som jobbar på oppdrettsanlegg? Som driftoperatør eller røkter ser ein til at fisken har det bra. I tillegg driv ein vedlikehald av utstyr og merd
UTDANNINGSMESSA 2020 Svein Olav Amdal har trykt den avisa du no sit og les i, og i løpet av ei arbeidsveke blir nesten 20 ulike aiser trykt på Heiane. 21 3yrke TRYKKAR May-Helen Rolfsnes Kva gjer ein som jobbar på trykkeri? I avisproduksjon betener ein ei avispresse med alt det medfører. Ein sk
22 UTDANNINGSMESSA 2020 Å vera prest er mykje meir enn å halda gudstenester på søndagane. Det kan Jørgen Knudsen skriva under på. sokneprest med 10 års ansiennitet har rundt 600.000 i grunnlønn, medan begynnarlønna er om lag 530.000. Før fekk me dårlegare betalt, men då orka ikkje folk å studera
UTDANNINGSMESSA 2020 Lærer om born og korleis dei fungerer 23 Heilt sidan eg var liten har eg visst at eg vil jobba med born Barne- og ungdomsarbeidar kan du bli ved å velja den linja etter helse- og oppvekstfag på vg1. Geir Rommetveit Ved Bømlo vidaregåande skule er det dette skuleåret berre j
24 UTDANNINGSMESSA 2020 Rotary sitt internasjonale arbeid Det er 35000 Roatryklubbar i verda med ca 1,2 millionar medlemmar. Desse klubbane er engasjert i ulike humanitære prosjekt i fleire verdsdelar. Det gjeld prosjekt som omhandlar: Sjukdomsbekjemping, undervisning, vatn og sanitær, helse til k
UTDANNINGSMESSA 2020 Stord Inner Wheel Klubb Vårt motto er venskap, hjelpsemd og internasjonal forståing Internasjonal Inner Wheel er ein av verdas største kvinneorganisasjonar med over 100.000 medlemmer i 103 land. I Noreg er me delt inn i 5 distrikt med 50 klubbar, og har ca. 1200 medlemmer. Stor
26 UTDANNINGSMESSA 2020 Får opplevingar utanom de KJEMPEFANGST I FLORIDA: Albert Junger Arnesen fiska med fluge denne tarpoonen på 70 kg! FOTO: SKOGN FOLKEHØGSKOLE Albert Junger Arnesen (20) er i vinter elev ved Skogn folkehøgskole i Trøndelag. Geir Rommetveit Albert gjekk på idrettslinja ved S
UTDANNINGSMESSA 2020 27 t vanlege Det er framtiDa Du har føre Deg! Besøk oss på standnr. 12 og bli den heldige vinnaren av eit gåvekort på elkjøp! www.leirvik.com FISKELUKKE OGSÅ I ELVA: Albert Junger Arnesen er blitt ein dyktig flugefiskar i løpet av månadene ved folkehøgskulen. FOTO: SKOGN FOLK
Onsdag 22. januar 2020 kl. 09.0015.00 Torsdag 23. januar 2020 kl. 09.0014.00 2020 Ope begge dagar for alle interesserte STORD IDRETTSPARK VIKAHAUGANE 22.23. JANUAR 2020 ARR.: STORD ROTARYKLUBB Frå utdanningsmessa til Tesla Norden Som tidlegare stipendvinnar på utdanningsmessa har AnneMargrethe