F
Os biljard og snookerklubb
4
Fredag 24. september 2021
rivilligavisa
os & fusaposten
Er Noregs nest
største junior-klubb
os & fusaposten
F
Fredag 24. september 2021
5
rivilligavisa
Vi har eit kjempepotensiale til å få i
gang mange gode juniorar her, seier
trenar Bernt Olav Lundetræ.
1
bMartine Håland
martine.haaland@osogfusa.no
2
Snart to år har gått sidan klubben mottok støtte
frå Bjørnafjorden kommune og Noregs Biljardforbund til å setja i gang ei utvida junior-satsing.
Vi har hatt eit veldig høgt trykk og mange
interesserte ungdomar dei siste åra. Det har
nesten vore slik at vi har måtta seia nei til å
sleppa inn fleire folk fordi det rett og slett ikkje
har vore plass, seier Bernt.
Men då koronaen braut ut for fullt våren
2020, vart det utfordrande å halda spele-motet
oppe blant dei unge.
Koronaen har utan tvil øydelagt ein del for
oss. Det har vore stengt i lange periodar og generelt lite trening. Dei gongene vi kunne halda
ope, var det berre lov til å vera éin spelar per
bord og vi kunne ikkje gjennomføra turneringar. Då var det ein del som forsvann, seier Bernt.
Stort potensiale
Trass i at fleire mista interessa for sporten i
pandemi-tida, er likevel klubben i dag å rekna
som Noregs nest største juniorklubb.
Vi har fått ein god kjerne og ser at dei som er
verkeleg ivrige, kjem tilbake. Per i dag er vi registrert med 34 junior-spelarar, og det seier litt
om potensiale vi har her, seier Rune Bergsvåg.
Både Rune og Bernt opplever at biljardklubben er eit viktig idrettstilbod for born og unge
i Os.
Alle kan ikkje driva med handball og fotball. Då er det greit å ha eit slikt alternativ til
dei store sportane. Vi har ope kvar dag, så her
kan ein alltid koma og spela og vera med vener,
seier Bernt.
Vil bli så god som mogleg
I august starta klubben opp igjen for fullt med
både trening og turnering. Blant dei som trenar
fast kvar måndag, er Emma Linnea Bahus. Ho
har spelt biljard i omlag eit halvt år og har førebels sett seg eit klart mål med spelinga.
Eg vil bli så god som mogleg slik at eg til
slutt kanskje kan vinna ei turnering. Det er som
regel dei vaksne som vinn turneringane, seier
ho.
Emma er også ei av få jenter som spelar biljard. Kvifor det ikkje er fleire jenter som vil
spela, veit ho ikkje, men ho synes det er kjekt å
vinna over gutane.
Då får eg skikkeleg meistringskjensle. Eg er
blant dei som har spelt minst her og då er det
ekstra moro å kunna slå dei som har vore her litt
lengre, smiler Emma.
Junior-satsing: Framover skal Os Biljard og Snooker Klubb satsa på junior-spelarar. Foto: Martine Håland
VOLLEYBALL?
Vil du spela VOLLEYBALL?
Strandvik Idrettslag
Idrettslag er
er ii gong
gongmed
medvolleyball-treningar
volleyball-treningarfor
forny
nysesong
sesonginnandørs.
innandørs.
Strandvik
Dette
er
for
U-13
og
oppover
til
senior.
Dette er for U-13 og oppover til senior.
Trening foregår
foregåriiFjorden
FjordenArena
Arenaog
ogi igymsal
gymsali iStrandvik.
Strandvik.
Trening
Har du
du lyst
lyst åå vera
vera med?
med?Me
Meønskjer
ønskjeross
ossfleire
fleirespelarar
spelararpå
påalle
allelaga.
laga.
Har
Dette er
er både
både sosialt
sosialtog
ogkjekt.
kjekt.Ser
Serfram
framtiltilein
eingod
godog
ogspanande
spanandesesong.
sesong.
Dette
Me har
har også
også FOTBALL
FOTBALL for
for yngre
yngreårsklassar.
årsklassar.
Me
Godetrenarar
trenararog
ogmykje
mykjegøy
gøypå
påbanen.
banen.
Gode
Takontakt
kontaktmed
medidrettslaget
idrettslagetpå:
på:
Ta
volleyball.strandvikil@gmail.com fotball.strandvikil@gmail.com
fotball.strandvikil@gmail.com
volleyball.strandvikil@gmail.com
Med veneleg
veneleghelsing
helsingStrandvikidrettslag.no
Strandvikidrettslag.no
Med
Må
Må
berre
berre
opplevast!
opplevast!
3 biljardtrening. Frå venstre - Emma Linnea
3. Junior-spelarar: Desse junior-spelarane møtte opp på sesongens første
Bahus, Daniel Øvreeide, Sander Seilen, Kevin Bahus, Armanas Tiskus og Tiril Skoglund. Foto: Martine Håland
1. Viktig hugseregel: Ifølgje Emma er det viktigaste
med å spela biljard, at ein tek seg god tid.
2. Viktig tilbod: Rune og Bernt opplever at det er viktig for
ungdomar å ha eit alternativ til dei større idrettane.
Fredag 1.oktober er det 10 år sidan
Bruktbuo opna dørene for fyste gong!
Dette feirar me med utlodding av gevinser til inntekt for
Childres burn and wound care foundation.
Det vert talar og musikk, kaffi og noko å bita i.
I tillegg kan du gjere eit kupp i butikken. Dene dagen skal me
ha ope lager og
-50 % på ALLE varer i butikken
Velkommen i Bruktbuo kl. 12:00 fredag 1.oktober!
Hugs å kom innom før kl. 12 dersom du ynskjer å kjøpe lodd
på mange fine heimalaga gevinser.
Følg oss gjerne på facebook for meir informasjon!
Utlodningsgevinstar
Fredag 24. september 2021 Frivilligavisa os & fusaposten FREDAG 24. september 2021 1
F OS FOTOKLUBB 2 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Kvaliteten på klubben har auka heile vegen bMartine Håland martine.haaland@osogfusa.no I byrjinga hugsar eg at det var eit enormt engasjement kring klubben. Det var ein stor iver etter å vera med og eg trur vi var kri
F Os biljard og snookerklubb 4 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Er Noregs nest største junior-klubb os & fusaposten F Fredag 24. september 2021 5 rivilligavisa Vi har eit kjempepotensiale til å få i gang mange gode juniorar her, seier trenar Bernt Olav Lundetræ. 1
F 6 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten os & fusaposten JENTEFISKING Starta jentefisking: F Fredag 24. september 2021 Gå deg ein tur: Ifølgje Mona har det å vera ute i naturen mykje å seia for humøret. Kom deg ut i skogen, gå deg ein tur og bli glad, rår ho. Foto: Priv
8 ANNONSE Fredag 24. september 2021 os & fusaposten os & fusaposten ANNONSE Fredag 24. september 2021 Den norske kyrkja Hei alle familiar, barn og unge i Os! Velkomen til Fusa kyrkjelyd Fusa sokn av Den norske kyrkja er den største medlemsorganisasjonen i Fusa med nær 3200 medlemer. Soknet
10 F Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten KIoskdamene på kuventræ Dugnaden er langt meir gjevande enn krevjande Anette Kleppe og Elisabeth Nedrelid kan ikkje få skrytt nok av dugnadsånda i Os Fotball. Sjølv er dei berre glade for å kunna bidra. bKenneth Svenningsen kenneth
os & fusaposten ANNONSE Fredag 24. september 2021 Os Turlag vart skipa i mars 1987 og er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag( BHT)/Den Norske Turistforeining (DNT) Formålet til laget er å arrangere turar til hyggje og nytte for unge og eldre, både i og utanfor Osbygda. Bli med på tur m
12 ANNONSAR Fredag 24. september 2021 os & fusaposten Søre Neset Idrettslag Besøksadresse: Halhjemsmarka 52, 5208 Os Postadresse: Postboks 11, 5201 Os os & fusaposten Grasrotandel: Bli grasrotgiver i dag! Du kan bli grasrotgiver i alle Norsk Tippings kanaler eller ved å sende SMS til 60000
F FRIVILLIGE 14 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Med fire frivillige verv kan ein trygt seia at Martin Bakke Slåttsveen (18) engasjerer seg stort i ungdomsmiljøet i Os. Vil bidra til fellesskapet: Martin Bakka Slåttsveen (18) brenn for å skapa eit godt fellesskap for un
os & fusaposten ANNONSe 15 Fredag 24. september 2021 Kontaktinfo: Dagleg leiar Eirik André Hesthamar, E-post: daglegleiar@nnil.no Fotball / FFO / IFO: Martin Eidsvik, E-post: martin.eidsvik@nnil.no Handball / HFO / IFO: Gitte Torp, E-post: gitte.torp@nnil.no Nettside: www.nnil.no Eit verdidreve
F OS TURLAG & FUSA TURLAG 16 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Kloppe-gjengen til Os turlag har ein snittalder på godt over 70. Likevel er dei det som vert karakterisert som ekte fjellgeiter. Samansveisa: Trivselsgruppa til Os turlag er ein samansveisa gjeng som trivst v
os & fusaposten ANNONSAR Fredag 24. september 2021 Er du interessert i en meningsfylt fritid? Vil du være med å hjelpe med humanitært arbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Da ønsker vi deg velkommen til Lions Club Os. Vi er et lag med kvinner og menn som jobber sammen for å skape en bedre
F OS Røde kors 18 rivilligavisa Fredag 24. september 2021 os & fusaposten os & fusaposten F Fredag 24. september 2021 rivilligavisa 19 Oddvar og Kari Olsen er blant dei heldige som nyt godt av Os Røde Kors sitt turtilbod for eldre. Me kan ikkje få rost dei nok, seier ekteparet. bKenneth
20 ANNONSAR Fredag 24. september 2021 os & fusaposten os & fusaposten ANNONSAR Fredag 24. september 2021 21 Med stønad frå Sparebanken Vest og frå Statsforvaltaren i Vestland kan vi snart tilby mange nye aktiviteter på Eldresenteret: Dette er allereie på plass: Elektronisk DART Laser SKYT
F NORE NESET IDRETTSLAG 22 rivilligavisa Fredag 24. september 2021 os & fusaposten Onsdagsklubben på Nore Neset gjer ein uvurderleg jobb for idrettslaget. Sjølv er dei mest opptekne av borna, og at me ikkje må skriva ei slik skrytesak. Gjer uvurderleg jobb for idrettslaget: Å sjå kor kjekt
F Eikelandsfjorden Musikklag 24 rivilligavisa Fredag 24. september 2021 os & fusaposten Eigentleg hadde Bente Berntsen (74) planar om å slutta i korpset igjen då dottera hadde funne seg til rette. Slik vart det ikkje. Det er ein kjekk hobby. Noko du kan halda på med til du vert gamal bCamill
os & fusaposten ANNONSE Fredag 24. september 2021 Ekte treningsglede Bli med, du også! Vi har ledige plasser For mere info: Sjekk våre nye nettsider! Nyhet! STIL.ORG 25
F OS SWINGKLUBB 26 rivilligavisa Fredag 24. september 2021 os & fusaposten Det er heilt rett. Namnet lyg litt, og det har vore oppe til debatt å skifta ved fleire høve os & fusaposten F Fredag 24. september 2021 rivilligavisa 27 Endeleg svingar det av Os Swingklubb igjen. Onsdag 8. sept
28 ANNONSAR Fredag 24. september 2021 TEATERKURS os & fusaposten O S KAMMERKOR I HAUSTFERIEN teaterleik og improvisasjon å skape roller og karakterar frå idé til framsyning-revy HALHJEM BARNESKULE, kl. 10 14 måndag til fredag. Alder: 4.-7. trinn, maks 15 elevar. Pris: 500.Kurset er støtt
os & fusaposten ANNONSAR Fredag 24. september 2021 Bli med oss i Os Turnforening på Kuventræ i et aktivt, positivt og inkluderende miljø der utøverne settes i fokus Kontakt oss gjerne på: Telefon: 56 30 09 50 E-post: post@osturn.no Fotball Turn Håndball Cheerleading Friidrett Les mer om os
F Turngruppe 30 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Døtrene til Lene har alltid vore glade i turn. Då familien flytta til Eikelandsosen, starta dei opp turngruppe sjølve os & fusaposten F Fredag 24. september 2021 Air track: Ingeborg Henangar Halvorsen syner Olav Hjartn
32 ANNONSAR Fredag 24. september 2021 a g a L v i L BILJARD Os Biljard & Snooker Klubb Telefon 940 58 838. E-post: osbiljardogsnooker@gmail.com BÅTLAG FORENING Nore Neset Grendalag Telefon 474 58 160 www.saniteten.no Telefon 901 36 092 www.nnlg.org FORENING Os Pensjonistforening Me har s
F Hålandsdalen Idrettslag 34 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten I frykt for å gløyma nokon, ønskjer ikkje representantane frå HIL å trekkja fram enkeltpersonar. Det er så mange som har gjort så mykje, seier ekteparet Vidar og Kari Hjartnes, som sjølve har stått på dugnads
F Ung Arena 36 Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Lykke, Fredrik og Martin har vore med i ungdomspanelet til Ung Arena frå byrjinga av. No håpar dei at fleire ungdomar vil engasjera seg. Håpar fleire vil engasjera seg i Ung Arena: Lykke Lekven, Fredrik Steinum og Martin B
os & fusaposten ANNONSAR Fredag 24. september 2021 FOTBALL HANDBALL Bli med og spel med oss! TURN Aktiv klubb med 266 utøvarar og 40 lagleiarar/trenarar Det har vore ei krevande tid for alle ved nedstenging i pandemien. Men laget har nytta tida godt vore konstuktive, og har løfta klubben tot
F Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten os & fusaposten Fredag 24. september 2021 60+ Gjengen 38 Set pris på arbeidet dugnadsgjengen gjer: Vi får mange tilbakemeldingar om at folk set pris på den jobben vi gjer, seier Dagfinn Solberg. Her saman med Hans Olav Djupvik, Haral
FUSA FRIVILLIGSENTRAL 40 F Fredag 24. september 2021 rivilligavisa os & fusaposten Sjølv om frivilligsentralen har mange frivillige, skulle dei helst hatt endå fleire. Victoria har vore leiar av Fusa frivilligsentral sidan 2017: Nesten ingen dagar er like Frivilligleiar: Dess fleire frivil