KIROPRAKTOR
UTDANNINGSAVISA 2025
MIN DRAUMEJOBB:
47
VILDE AAS LØKEN (26)
FRÅ STORD JOBBAR SOM
KIROPRAKTOR I BERGEN.
HER ER LITT OM HENNAR
ARBEIDSKVARDAG!
1. Kva studerte du?
Eg studerte kiropraktikk. Det vil sei
eg tok ein Bachelor i Human Sciences
og Master I kiropraktikk. På skulen eg
gjekk kan ein gå to ulike studieforløp
for å bli kiropraktor. Ein kan gå eit fireårig løp som gir ein integrert master.
Eller så kan du gå 3+2 år slik eg gjorde
og få ein bachelor i tillegg.
2. Kvifor valte du dette studie? Visste du allereie på vidaregåande at
det var denne vegen du skulle gå?
Det var eigentleg litt tilfeldig at eg enda
opp på dette studie, og det hadde heller
ikkje vore opp til vurdering då eg gjekk
vgs. Eg søkte fysioterapi gjennom Samordna opptak då eg var ferdig i Forsvaret, men så hadde eg ei venninne som
gjekk på kiropraktorstudiet og anbefalte det varmt. Sida det var innanfor
same retning som fysioterapi så heiv
eg meg ut i det utan å tenkje så mykje.
Då måtte eg søka direkte til skulen i
England.
3. Korleis var studiekvardagen?
Studiekvardagen var veldig variert.
Det var mykje obligatorisk undervisning, både teoretisk og praktisk, samt
mykje eigen øving. Fordi det var mykje
praktiske fag, var det også veldig sosialt
og ein blei fort kjent med alle i klassen.
Ein kan nok ikkje vera veldig sjenert
dersom ein går kiropraktorstudie. Det
var veldig spanande å gå så faglag djupt
i menneskekroppen som me gjorde,
men eg kan ikkje leggja skjul på at det
er eit beinhardt studie til tider. Mengda
med fagleg innhald var stor, og eg vil
nok seia eg brukte dei fleste kveldar og
helger på studering. Likevel fann me
alltid tid til sosiale aktivitetar eller ein
tur på den fantastisk stranda i Bournemouth.
4. Korleis var studentmiljøet
i byen du studerte?
Det syns eg er litt vanskeleg å svare
på fordi eg ikkje har noko samanlikningsgrunnlag. Bournemouth er ikkje
ein studentby, heller tvert i mot. Det er
berre eit anna universitet i byen og det
er relativt lite. Då eg begynte på skulen,
så var det eigentleg berre kiropraktorstudie som var tilgjengeleg på skulen.
Det gjorde at alle studerte det same og
ein følte seg som del av eit stort fellesskap. På den andre sida kunne det av
og til følast som et ekkokammer då me
ikkje fekk prate særleg med andre frå
andre studieretningar.
Byen og skulen var liten og hadde
ikkje store studentforeiningar slik ein
har her i Norge. Me hadde nokre små
idrettslag innad i skulen, men det var
berre eit fåtal ein kunne velje mellom.
Likevel var skulen god på å arrangere
sosiale arrangement i skulebaren i helgene. Det var også eit veldig godt og
stort miljø av norske studentar på skulen. På det meste var me kanskje 100
nordmenn fordelt på 5 år. Det norske
miljøet var også flinke til å arrangera
festlegheiter både utanfor og gjennom
studentorganisasjonen ANSA.
5. Korleis er arbeidsdagen din no?
Som kiropraktor jobbar ein som sjølvstendig næringsdrivande, som vil sei at
ein har ansvar for eiga løn/økonomi. Eg
er tilsett i ei større privat kjede som
stiller med lokale, det administrative
og marknadsføring. Men kvardagen og
lønna er styrt etter kor mange kundar
ein får. Det betyr at eg også kan styra
relativt fritt når eg vil koma på jobb og
kor lenge eg vil jobba. I dårlege periodar kan det vera stressande å jobba slik
då lønna ofte vil vera varierande.
Som kiropraktor møter ein menneske
frå alle fasar av livet med alle slags
plager. Ein må være påskrudd og nysgjerrig på kvar einaste person som
kjem inn døra. Det er vel ein jobb der
ein ikkje kan tillate seg å ha ein dårleg
dag. Det er ein variert og spennande
arbeidsdag og så er det sjølvsagt veldig
kjekt å kunne få hjelpe folk som har det
vanskeleg. Som kiropraktor i Norge kan
ein også henvise til spesialist eller bildediagnostikk og sjukmelde, derfor sit
ein også på mykje ansvar.
6. Kva ville du sagt til deg
sjølv som ung/student no?
Eg ville nok sagt at alt strevet vil vera
verdt det. Likevel er eg veldig klar over
at dersom eg kunne valt om att så ville
eg nok ikkje studert i England. Det var
veldig spennande å studere i utlandet,
og eg er veldig glad for at eg fekk oppleva det, men til slutt sat eg igjen med eit
enormt studielån som gir ein bismak.
7. Vil du anbefale andre denne
karrierevegen, og kvifor?
Dersom ein brenn for å hjelpe menneske og har ein nysgjerrigheit på menneskekroppen, så er kiropraktoryrket ein
fantastisk retning å gå. Det er lett å få
seg jobb, men sidan ein berre kan jobbe
privat er det også stor konkurranse og
ein må vera forberedt på å jobba hardt
for å bygga seg ei praksis. Kiropraktoryrket står dessverre i litt motvind for tida (då me har mista refusjonsordninga
vår), men det er eit yrke med godt samhold og pågangsmot. Då eg valte å bli
kiropraktor var ikkje studie tilgjengeleg
i Norge, men det fantastiske er at ein no
skal få kiropraktorstudie i Oslo. Det er
stort for yrket vårt og eg vil absolutt anbefala folk å søkja seg der til dersom dei
vil bli kiropraktor.
UT DA NN ING Savisa ANNONSEBILAG fredag 17. januar 2025 POLARISMEDIAVEST GLER SEG TIL Å FLYTTA INN PÅ NY SKULE praksis på timeplanen utveksling UTDANNINGSTIPS UNGDOM OG SKULEVAL NYTT STUDIETILBOD STORD VGS STORD VGS FITJAR VGS UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND STORD IDRETTSPARK VIKAHAUGANE 22
2 VELKOMMEN TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND Vi noterer 2025 i kalenderen og Stord Rotaryklubb kan ønske velkommen til den 33. Utdanningsmessa for Sunnhordland. Vi er svært glade for at messa fremdeles har god oppslutning. Vikahaugane Sports senter skal også i år fyllest med utstillere og eleve
NR. UTSTILLAR 1 Stord Rotary Klubb 2 Sunnhordland 3 Tveit Vidaregåande Skule 4 KVS Bygland 5 Den Norske Kyrkja 6 OKAB Hnr 7 Haugesund Toppidrettsgymnas 8 Krokeie Vidaregåande skule 9 Fusa Vidaregåande skule 10 Norsk Sjukepleiarforbund 11 Sunnhordland Trafikkopplæring 12 OSS Hordaland 13 NAV Region S
4 ROTARY INTERNATIONAL TILBOD TIL UNGDOM KVEN KAN SØKJA: Ha avslutta 1. eller 2. klasse i vidaregåande skule Væra sosial, utåtvent, moden og reflektert Væra motivert for å læra nytt språk og ein ny kultur All ungdom som anbefalast av ein rotaryklubb óg barn av rotarianarar Rotary Internatio
UTDANNINGSAVISA 2025 5 INNHALD KART OVER MESSA, PROGRAM OG UTSTILLARAR 2-3 ROTARY SITT TILBOD TIL UNGDOM 4 NY LINE PÅ STORD VGS 7 MED PRAKSIS PÅ TIMEPLANEN 8 10 BLI MED PÅ INNSIDA AV NYE STORD VGS 12 13 Q&A ELEVAR PÅ VIDAREGÅANDE FORTEL 16 18 GODE TIPS TIL DEG SOM ER STUDENT 19 DIFOR
Heimefrå, men ikkje åleine! Skal du begynne på vidaregåande til hausten? Lundeneset er ein vanleg vidaregåande skule, men samtidig mykje meir. Me er ein internatskule der dei fleste av elevane bur på internat. Skulen ligg i Ølensvåg og har om lag 190 elevar. På Lundeneset er det ei rekke tilbod og m
UTDANNINGSAVISA 2025 7 STUDIE SPESIALISERING MED BUSINESS FRÅHAUSTEN 2025 KAN DU VELJA STUDIESPESIALISERING MED BUSINESS PÅ STORD VIDAREGÅANDE SKULE! DETTE ER LINA FOR DEG SOM ØNSKJER FOKUS PÅ NYSKAPING OG ØKONOMI. I I eit allereie stort utval av studievegar, kan Stord vidaregåande skule frå hau
8 N TIL E M O R VELK S DE G V R FITJA NÆR S I S K PR A SN I NG I V R E UND ! TRALT N E S ER MED PRAKSIS PÅ TIMEPLANEN VISSTE DU AT ELEVANE PÅ VG2 HELSE OG OPPVEKST BRUKAR TO TIMAR I VEKA SAMAN MED ELDRE I LOKALSAMFUNNET? ELLER AT VG2-ELEVANE PÅ BARN OG UNGDOM FÅR TESTA UT LEIK OG LÆRING MED BOR
Eg tek påbygg for å fleire moglegheiter vidare, og vil ikkje gå ut i lære. Eg har ein liten draum om å bli sosionom i framtida disjon, der me ser at både elevar og eldre kosar seg i kvarandre sitt selskap. Det er relevant for utdanningsløpet deira, og me føler at dette er eit tiltak som er vinn-vin
10 Fleire i klassen skal ut i lære, men eg vel påbygg. Likevel er eg glad for at eg valde Helse og oppvekst på vidaregåande. Her føler eg at me lærer utruleg mykje som ein kan ta med seg vidare i livet. Ein er innom viktige tema som psykologi, og lærer mykje om omsorg. Dette er ting ein uansett dre
Søknadsfrist 1.mars Ta vidaregåande utdanning hos oss Studieførebuande utdanningsprogram Yrkesfaglege utdanningsprogram Studiespesialisering Idrettsfag Musikk, dans og drama Medium og kommunikasjon Påbygging til studiekompetanse Andre tilbod Vaksenopplæring Tilrettelagt opplæring Kurs Teknol
12 ELEVAR SOM SØKJER YRKESFAG PÅ STORD FRÅ HAUSTEN AV, FÅR GLEDA AV Å GÅ PÅ DEN SPLITTER NYE VIDAREGÅANDE SKULEN SOM STÅR KLAR PÅ VABAKKJEN. DETTE HAR ME GLEDA OSS TIL LENGE, SEIER VG1-ELEVANE SIVERT TISTHAMAR (16) OG MATHILDE MADTSEN (16). D Det blir veldig kjekt med ny skule. Eg gler meg til
FOTO: CONSTO FOTO: CONSTO som hentar varme frå grunnen ved hjelp av 22 borebrønnar. Dei store hallane og verkstadane til nokre av linene er vendt ut mot E39, noko som gir godt ut- og innsyn. Det blir ein framtidsretta skule som får synleggjort yrkesfaga på ein god måte, seier Strandenes. Både Siv
KOM I GONG MED FØRARKORTET! Bli med til Lofoten! Moped A1 A2 A B B96 BE TG UTDANNINGSTILBOD: Vg1 Naturbruk Teknologi og Industrifag www.invia.no - 48 08 88 87 - post@invia.as Vg2 Akvakultur Fiske og Fangst Maritime fag Les meir om våre tilbod her Bli med oss inn i framtidas industrieventyr!
LAKS ER FRAMTIDA Frå dei djupe fjordane langs Noregs kyst serverer me laks til heile verda. Kvart år produserer me tilsvarande 200 millionar middagsporsjonar, og på topp moderne lokalitetar i Rogaland og Vestland følgjer me heile prosessen frå rogn til slakteklar laks. Laks kjem til å vera svært vi
16 VGS-ELEVAR TEKST OG FOTO: ELEVAR VED MEDIA OG KOMMUNIKASJON PÅ STORD VGS NAMN: MERILI JUUS & SOFIE SIGLEN STAUTLAND ALDER: 17 SKULE: STORD VGS LINJE: STUDIESPESIALISERANDE VG2 1. Kvifor valde de å gå på nettopp studiespesialisering? Me valde studiespesialisering fordi me ikkje visste kva me ha
FORTEL NAMN: TORBJØRN LITLABØ ALDER: 18 SKULE: STORD VGS LINJE: MEDIA OG KOMMUNIKASJON 1. Kvifor valde du å gå på media? Eg valde media fordi det er eit veldig kreativt studieval med masse praktisk arbeid. Eg var ikkje så stor fan av å jobbe masse teoretisk. 2. Kva likar du best med å gå på media? E
18 VGS-ELEVAR FORTEL NAMN: ANDRINE BERGLI MAGNUSSEN ALDER: 17 SKULE: STORD VGS LINJE: MUSIKK VG2 1. Kvifor valde du å gå på musikklinja? - Fordi musikk er noko eg alltid har blitt veldig glad i å halde på med, og det er noko eg har lyst å driva med resten av livet. 2. Kva likar du best med musikk
UTDANNINGSAVISA 2025 GODE TIPS TIL DEG SOM ER STUDENT! 19 LÅN OG STIPEND Når du går på vidaregåande skule eller tek høgare utdanning, har du rett på studielån og/eller stipend. Basisstøtta ligg i dag på 128.887 kroner per skuleår der opptil 40 prosent kan gjerast om til stipend. Til dømes kan el
ANNONSØRINNHALD FRÅ BLINK HUS STEINSBØ Emilie stortrivst som tømrarlærling! Emilie byrja som lærling i Blink Hus Steinsbø i juni i fjor, og har sidan då fått bryna seg på mange spanande arbeidsoppgåver. No oppfordrar ho andre jenter til å ikkje bli påverka av kva retning venninnene vel å gå, men å
Eg har blitt utruleg godt tatt imot. Dei viste meg tillit heilt frå starten. No jobbar eg meir og meir sjølvstendig, og det gir ei skikkeleg meistringskjensle. Samstundes er det godt å vita at eg alltid kan spør om eg lurer på noko Emilie Andreassen Kuven sei det der bygde eg då eg var 20 år er sta
22 GODE GRUNNAR: DIFOR BØR DU VELJA YRKESFAG! Å VELJA YRKESFAG ER MEIR ENN BERRE EIN UTDANNINGSVEG: DET ER OGSÅ EIT SPRINGBRETT TIL EIT HAV AV MOGLEGHEITER. GJENNOM STERK TILKNYTING TIL ARBEIDSMARKNADEN, VARIERTE KARRIEREMOGLEGHEITER, LØNNA LÆRETID OG GRUNNLAG FOR VIDARE KARRIERE, STÅR EIN GODT RU
23 UTDANNINGSAVISA 2025 LITT OM UTDANNINGSLØPET: Dei fleste fag følgjer hovudmodellen: To år på skule, deretter to års opplæring i bedrift. Fleksible modellar gjer at ein kan veksla mellom skule og praksis. 7 Du blir attraktiv i arbeidsmarknaden Har du praktisk erfaring og eit fagbrev i botn,
24 VEL YRKESFAG! I læreperioden vil du få verdfull praktisk erfaring frå fagarbeidarar i bedrifta du jobbar for, samstundes som du får opplæring med utgangspunkt i opplæringsplanen for faget ditt. Som lærling har du dei same rettigheitene som dei andre tilsette i bedrifta, men det blir også stilt k
Vi tilbyr læreplass innen følgende fagretninger: #Lærling2025 Vi søker lærlinger i aluminiumskonstruksjon med planlagt oppstart i august. Vår produksjon holder til på Eldøyane, i fine og nye lokaler. Dersom du er på jakt etter nye utfordringer og varierte arbeidsoppgaver, i et uformelt og godt arbe
STORD BLI EN DEL AV FREMTIDENS NÆRING BØMLO KVINNHERAD FITJAR TYSNES BESØK VÅR STAND PÅ MESSA! Her kan du få informasjon om førarkort og utdanning, samt delta på ulike aktivitetar og vinna flotte premiar. Opplev havbruksnæringen med teknologi og bærekraft i fokus. Vi trenger deg som vil være
MARIA HAR VORE PÅ UTVEKSLING: DETTE VIL EG ANBEFALA TIL ALLE! UTDANNINGSAVISA 2025 27 MARIA JOSÉ MACIAS PERALTA FRÅ MEXICO HAR REIST VERDA RUNDT MED ROTARY SITT UTVEKSLINGS PROGRAM FOR UNGE VAKSNE. STORD VAR BLANT BYANE HO BESØKTE. ME FEKK EIN PRAT MED HO OM ERFARINGANE HENNAR.
28 M Med gneistrande og kul attityde møter Maria José Macias Peralta (25) meg på ein kafé i Leirvik sentrum ein regnfull dag i oktober. Eg kjøpte paraply ein av dei første dagane mine her, og stussa over kvifor så få andre gjekk med paraply. Eg innsåg fort at det bles konstant, noko som praktisk t
UTDANNINGSAVISA 2025 29 FOTO: PRIVAT FOTO: PRIVAT FOTO: PRIVAT New Generations Service Exchange FOTO: PRIVAT Tidlegare kunne ho også bruke mykje tid og krefter på å stressa over små ting. Etter utvekslinga har eg blitt flinkare til å tilpassa meg situasjonar, og føler at eg er blitt tryggare
30 UNGE O MARTINE TILLUNG (24) FRÅ STORD GÅR 3. ÅRET PÅ PROFESJONSSTUDIET I PSYKOLOGI VED UNIVERSITETET I OSLO Kva var det som gjorde at du ville studera psykologi? At valet falt på psykologi var eigentleg litt tilfeldig. Etter vidaregåande gjennomførte eg fyrstegongstenesta som medic i Panserbat
THEA ELISE PAULSEN (21) FRÅ STORD Kva er framtidsplanane dine, kva ser du for deg etter studiet? Etter studiet er planen å flytte heim til Stord og starte i spesialisering. Etter gjennomført utdanning er det oppmoda om, og svært vanleg, å ta ei spesialisering slik at du blir psykologspesialist. De
32 UNGE O NAMN: SIRI BØRTVEIT ALDER: 26 STUDIE: KLINISK ERNÆRINGSFYSIOLOG BY: BERGEN 1. Eg held på med ein master i Klinisk Ernæring. Når eg er ferdig utdanna har eg autorisasjon som Klinisk ernæringsfysiolog (KEF) og kan jobba både privat og offentleg med både pasientar, men også vanlege folk s
33 1. 2. 3. 4. 5. UTDANNINGSAVISA 2025 M STUDIE KVA STUDERER DU? KVIFOR VALGTE DU DETTE STUDIE? KORLEIS ER STUDIE KVARDAGEN? KORLEIS ER STUDENTMILJØET I BYEN DU STUDERER I? KVA VIL DU JOBBA MED NÅR DU ER FERDIG UTDANNA? NAMN: PATRICK SÆRSTEN FJELLAND ALDER: 24 ÅR STUDIE: NORGES HANDELSHØYSKOLE B
34 1. 2. 3. 4. 5. UNGE OM STUDIE KVA STUDERER DU? KVIFOR VALGTE DU DETTE STUDIE? KORLEIS ER STUDIE KVARDAGEN? KORLEIS ER STUDENTMILJØET I BYEN DU STUDERER I? KVA VIL DU JOBBA MED NÅR DU ER FERDIG UTDANNA? NAMN: OSCAR BERGESEN VALTE ALDER: 23 STUDIE: MEDISIN BY: SPLIT, KROATIA 1. Eg studerer medis
FUEL YOUR POWER Bli med å bidra til å utvikle fremtidens teknologi innen maritim industri wartsila.com/careers REIN ENERGI Me kjem på utdanningsmessa på Stord Besøk oss på stand 55 og ver med på quiz med flotte premiar! www.sunnhordlandkraftlag.as
36 FOLKEHØGSKULE FÅ NYTTE AV FRIÅRET DITT! U 1. SOSIALT SKULEMILJØ Folkehøgskulane varierer mykje i storleik, men uansett om det er 40 eller 150 elev ar på skulen, kjem ein ikkje utanom at året er sosialt. Det er også noko av det elevane set mest pris på! På internatet bur du tett på andre, og
SIGURD VASSENDEN Det å vera på Bømlo inspirerte meg til å gå vidare med praktisk matproduksjon. Eg hadde eigentleg tenkt å ta studie vidare, men bestemte meg for å gå inn i landbruket og byrja å jobba på gard og så tok eg landbruksutdanning seinare. I dag er eg grønsaks produsent, som leverer salat
38 Det er sikkert ei utfordring for mange av våre ungdomar å velja kva utdanning ein skal ta fatt på. Utdanningsmessa som Stord Rotary arrangerer ynskjer me skal vera ei hjelp på vegen, og passar oss i Stord Rotaryklubb godt. Rotary sitt hovedmål er å gagne andre Stord Inner Wheel er med! Det er
Stord Rotary Klubb Du er unik, hugs på det. Og no er snart tida komen for å ta eit val om vegen vidare med tanke på vidaregåande og ditt skuleval. Og det er nok ikkje det siste valet du tek for vidare utdanning, noko som er heilt ok. I dag er det so mykje å velja blant, og dette er ikkje berre enke
40 ROTARY SITT INTERNASJONALE ARBEID DET ER 35.000 ROTARYKLUBBAR I VERDA MED CA 1,2 MILLIONAR MEDLEMMAR. DESSE KLUBBANE ER ENGASJERT I ULIKE HUMANITÆRE PROSJEKT I FLEIRE VERDSDELAR. HER ER TO PROSJEKT SOM STORD ROTARY KLUBB ER ENGASJERT I. Afghanistan og Pakistan) . I 2020 var det eit år sidan sist
Stord Rotary Klubb er ein av 35000 Rotary Klubbar i 200 ulike land som er engasjert i humanitære prosjekt. Klubben har 41 medlemmer som møtes kvar onsdag. Medlemmene vert rekruttert frå ulike yrker. Gjennom møter og andre aktivitetar lærer ein nye menneske å kjenna og ein får nyttig kunnskap om ulik
42 GLIMT FRÅ UTDANNINGS Messa er open for alle så det er berre å ta turen innom. Spesielt vil me u tfordra foreldre, føresette og andre som veileiar ungdom til å ta turen innom. Der vil dei få førstehands informasjon frå bedrifter og læreinstitusjonar. Som bonus vil ein også få inntrykk av kva so
UTDANNINGSAVISA 2025 MESSA 2024 43
STARTAR HAUSTEN 2025 Gratis vidaregåande opplæring for vaksne REALFAG OG DRØMMEN OM FAGTILBOD: Modulbasert fag- og yrkesopplæring Helsearbeidarfaget F OT B A L L HÅNDBALL FRIIDRETT T R I AT H LO N SPRANGRIDNING SVØMMING DRILL ORIENTERING PA D L I N G K AMPSPORT B A D M I N TO N T E A
Bli med oss! Ekte arbeidsglede Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon i alle ledd i produksjonsprosessen har Seashore-konsernet gått i bresjen for å heve kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er lakseprodukt som er etterspurde over heile verda. For å halda oss i
land.no land.no d.no nd.no land.no land.no nd.no land.no Rettleiingstenesta Rettleiingstenesta Rettleiingstenesta Ei dør inn til fleirfaglege tenester Rettleiingstenesta Ei dør tenester utetil skular og bedrifter EiMe dørerinn inn tili fleirfaglege fleirfaglege tenester te EDIA ED IA EDIA Gjenno
KIROPRAKTOR UTDANNINGSAVISA 2025 MIN DRAUMEJOBB: 47 VILDE AAS LØKEN (26) FRÅ STORD JOBBAR SOM KIROPRAKTOR I BERGEN. HER ER LITT OM HENNAR ARBEIDSKVARDAG! 1. Kva studerte du? Eg studerte kiropraktikk. Det vil sei eg tok ein Bachelor i Human Sciences og Master I kiropraktikk. På skulen eg gjekk ka
VANN STUDIE- 48 STIPENDET 2024 ØYVIND TVEDTE VANGSNES VART TILDELT STUDIE STIPENDET, EIN PRIS SOM HYLLAR BÅDE HANS FAGLEGE PRESTASJONAR OG STERKE PÅGANGSMOT. 24-ÅRINGEN FRÅ STORD HAR OVERVUNNE STORE UTFORDRINGAR PÅ VEGEN MOT EIN LOVANDE KARRIERE INNAN INDUSTRIELL ØKONOMI OG TEKNOLOGILEIING. I I