Vidare
STRILEN
tysdag 10. november 2026
35
Slik vil dei forsøke
å endre søkartala
Her er klassen på veg til Ålborg. Foto: Privat
Med minkande interesse
for studiespesialisering, gjer
Austrheim vidaregåande
fleire tiltak for å auke
interessa. Eit av dei er å
sende elevane på
internasjonale skuleturar.
EMMA NEVERDAL
emma.neverdal@pmvest.no
Me forstod meir dansk enn dei
forstod norsk, men viss me
snakka bokmål så skjønte dei
oss betre, fortel Julia Czerwiec
som denne hausten var på
klassetur til Danmark.
I fem dagar var VG1 studiespesialisering i Ålborg, for å
oppleve den danske skulekvardagen.
Austrheim fekk i år Erasmus+-akkreditering, som gjer at
skulen kan reise på utveksling
og ta imot internasjonale elevar
frå Europa.
Eg hadde høyrt om skuleturane før eg søkte, så det var eit
lite pluss, fortel Johanna Jensen
Risnes.
Vil gjere tilbodet
meir attraktivt
I vår stod VG1 studiespesialisering i fare for å bli lagt ned. Det
var for få som søkte, og skulen
måtte tenke nytt, fortel rektor
Frode Hervik.
Innsøkinga er blitt skeivfordelt, og det er klart det er bra
med fokus på yrkesfag, men
pendelen har svinga litt for
langt. Me er nøydde til å marknadsføre linja, seier Hervik.
Auka internasjonalisering er
difor eitt av tiltaka skulen satsar
på. Men det er ikkje det einaste,
understrekar assisterande rektor Kasper Brandt Slettebakken.
Ein dag i veka kan elevane
jobbe heimanfrå. Tanken er at
dei skal bli vande med å styre
dagen sjølve, slik dei må gjere
som studentar.
Skulen skal òg sende elevane
på hospitering, der dei får vere
med på ein arbeidsplass der
utdanninga kjem til nytte.
Me vil at skulekvardagen
skal vere annleis enn på ungdomsskulen. Elevane skal ikkje
gå ut med kjensla av at dei har
hatt tre år til av det same.
Utveksling og ekskursjonar er
viktige, men det er læringa som
står i sentrum, seier Brandt
Slettebakken.
Blei betre kjend
På turen til Danmark fekk elevane tid til både skulebesøk og
shopping, men det var spesielt
det sosiale utbyttet dei trekte
fram.
Me fire kjende ikkje kvarandre frå før, men etter turen
blei me mykje betre kjende, fortel Malene Holmås.
For Johanna Jensen Risnes
handlar det også om resten av
klassen. Elevane kjem frå ulike
stadar, og då dei måtte dele
rom, fekk fleire sjansen til å bli
kjende.
Eg synest turen påverka
klassemiljøet positivt, seier ho.
Noko å sjå fram til
Elevane gler seg til fleire turar,
og dei har høyrt rykte om ein
tur til Frankrike i tredjeklasse.
Dei er einige om at turen gav
klassen ny motivasjon, og at
turane kan hjelpe når nye elevar
skal velje skule.
Eg synest det er veldig positivt at det ikkje berre er pugging
og lesing, men også meir kjekke
ting på linja, seier Mia Veland
Hjelmtveit.
Sjursen ser nytta i valet deira: Regionen treng også akademikarar. Foto: Emma Neverdal
Visste inst inne
at eg måtte byte
Nærare åtti prosent av ungdommane i
Nordhordland vel yrkesfag. For Stella Furnesvik
Eikeland verka det som det naturlege valet, heilt til
ho kjende etter kva ho sjølv ville.
EMMA NEVERDAL
emma.neverdal@pmvest.no
Eg visste inst inne at det var
studiespesialisering eg eigentleg
ville gå. Eg har hatt lyst å studere
heile livet, fortel Stella Furnesvik
Eikeland frå Holsnøy.
Då ho skulle velje linje, søkte ho
først TAF med byggfag i Knarvik.
Fagbrev og studiekompetanse på
berre fire år høyrdest freistande ut.
Søskena mine har gått TAF, så
det var ei forventning i familien,
seier ho.
Ønsket om å kome fort ut i lønna arbeid fekk henne til å gå imot
magekjensla.
Bedriftene skrik jo etter fagarbeidarar, og det er den kjappaste vegen til å tene pengar.
Etter eitt år bestemte ho seg for
å byte utdanningsprogram. No
går ho i andre klasse på studiespesialisering, og kjenner at ho
har hamna på rett plass.
Du må ta det som du eigentleg vil, og du må ikkje la deg
påverke av andre, understrekar
medelev Lisa Rudolph.
Regionen treng
også akademikarar
Julia Czerwiec (t.v.) og Malene Holmås hadde det kjekt
på skuletur og gler seg allereie til neste.
Foto: Emma Neverdal
Både Rudolph og Eikeland har
inntrykk av at stadig fleire søkjer
seg til yrkesfag og at linjene får
mykje merksemd i regionen.
Eg trur det er fordi me har mange yrkesfaglege tilbod her. Me har
til dømes Equinor på Mongstad, og
det er ikkje langt til Bergen heller.
Lisbeth Sjursen, som er ansvarleg for studiespesialisering ved
Knarvik vidaregåande skule, opplever også at yrkesfaga står sterkt.
Ho ønskjer å leggje til rette for
at kvar enkelt elev vel det som
passar best for seg.
Eg tenkjer det er kjempefint
at vi har fokus på yrkesfag. Me er
Sjølv om Eikeland tenkte det ville bli styrkte å byte linje, fortel
ho at overgangen gjekk heilt fint. Foto: Emma Neverdal
i ein region med masse gode
bedrifter som treng arbeidskraft.
Samstundes tenkjer eg at regionen også treng akademikarar, seier Sjursen.
Ho meiner at på studiespesialisering er det ei anna utfordring å
få elevane til å sjå mogelegheitene vidare.
På yrkesfag veit elevane meir
kva dei skal bli. Dei lærer faget og
går ut i yrket. Studiespesialisering er meir ope og breitt, og då
må me jobbe meir med å inspirere elevane undervegs.
Lære saman
Økonomi og jobbutsikter påverka
valet til Eikeland, men etter kvart
Du må ta det
som du
eigentleg vil,
og du må ikkje la deg
påverke av andre
Lisa Rudolph
følte ho at det også handla om kva
slags skulekvardag ein ønskjer seg.
Har ein lyst til å sitje heime
med lekser og ha travle veker
med innleveringar? spør ho.
Etter å ha prøvd begge utdanningsprogramma har ho merka fordelar og ulemper med begge.
På yrkesfag er det mykje praktisk arbeid, og du må tole lange
dagar på verkstaden. På studie
jobbar vi meir med teoretiske
oppgåver, og eg synest det er fint
å sitje saman og lære med andre.
Vender snuten mot Bergen
Sjølv om dei framleis ikkje har bestemt seg har valfaget rettslære
falle i smak hjå begge. Dei seier
jusstudium i Bergen kan vere aktuelt når dei er ferdige i Knarvik.
Eikeland kunne også tenkje seg
å bli HMS-ingeniør, sidan ho fekk
innblikk i dette fyrste året på TAF.
Studentlivet verkar veldig
attraktivt med den sosiale kvardagen og litt fleire mogelegheiter.
Då får eg meir fridom i kva eg kan
bruke dagane mine på.
Vidare November 2026 Ny linje gir elevane gode framtidsutsikter Håvard vil bli politi Politi eller fotballspelar? Fysioterapeut? Eigedomsmeklar? Viljar Mathias trivst på Skoleskipet Gann Kva ktvoviler dutudannbinligs?tilbodet! Få full oversi BLI MED PÅ YRKESOG UTDANNINGSMESSA Kva vil du bli? B
Vidare INNHALD: Ingen andre har dette tilbodet Tok ein u-sving i utdanningsløpet Side 4-5 Godt råd: Følg interessene dine Side 24-25 Side 28 Trur samtlege får læreplass Side 6 Fann førsteval på karrieredag Politiveteran blei bussjåfør Side 10-11 Side 30-31 Stortrivst på den flytande skul
STRILEN tysdag 10. november 2026 Annonse Lær et fag som verden trenger framover. Bli lærling hos oss i Framo. Som lærling får du god oppfølging, relevant erfaring og lønn mens du lærer. Og fagbrev, så klart. Vi er godkjent lærebedrift i 10 ulike fag. Hos oss får du et stort miljø med egen lærlinga
4 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Elevane i full gang med sandblåsing. Foto: Privat Einaste i fylket som tilbyr denne linja: Det er på tide For første gong kan elevar ved Austrheim vidaregåande spesialisere seg i denne retninga: Fantastisk plass å ha dette tilbodet, seier overflatetek
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Bart (t.v.) og Bjørn viser fram noko av utstyret dei brukar i arbeidet sitt. Foto: Emma Neverdal Faglærar Øyvind Dalland og Svein Egil Lerøy i matchande genserar. Foto: Emma Neverdal kar Svein Egil Lerøy, som er ein av pådrivarane bak den nye linja. Vestla
6 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Det er vanskeleg for AI å ta over automasjon, seier Johannes Thorsheim. Sivert Fosse, Johannes Thorsheim og Silje Vikene Gjelsvik er glade for at dei slapp å flytte for å kunne gå på automasjonslinja. Alle foto: Emma Neverdal I starten har det vore ein
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Telefon: 56 16 80 00 www.austrheim.vgs.no Følg oss på facebook Austrheim vgs er skulen med høg trivselsfaktor og kjempegodt skulemiljø. Skulen ligg flott til i Mastrevikane i Austrheim kommune midt i Vestland fylke. Her er det gode relasjonar mellom elev
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet SØK HER å 8 * Artist og låtskrivar * Band * Brassband * Filmmusikk * Hiphop * Medieproduksjon * Musikk, bu og fritid * Musikkproduksjon * Rytmisk musikk * Skapande skriving * Frå 16 år * Heil- og halvårskurs
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Messekart over hallen 9 Messeområde i fotballhallen Messeområde i fotballhallen Lager D Nødutgang F1 Ø R G1 G2 G3 G4 G5 H1 H2 H3 D H4 Ø R H5 A1 A23 A22 A21 G6 G7 B7 C1 C2 A1 A1 H6 A24 A20 B1 A19 B2 B6 E1 C3 A2 A17 A18 B3
10 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Victoria Sletten Solsvik har ein plan om å bli fysioterapeut. Eg kan tenke meg å jobbe med fysioterapi. Det var veldig lærerikt å høyre på helsepersonell i dag Victoria Sletten Solsvik Daniel Undheim Karrer ser føre seg ein jobb som eigedomsmeklar. J
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 11 Ingrid Øksnes skulle få folk til å søke seg til brannvesenet, og ho fekk i alle fall napp hos ein elev. Politiet var også på plass. Isak, Andreas og Håvard fortalde om kva som skulle til for å bli politi. Isak går på politihøgskulen i Oslo, medan Andr
12 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 UTDANNINGSM ESSE 2026/27 Kraft til å forme fremtiden Bli energimontør, ingeniør eller teknolog i BKK og hjelp til med å holde strømmen på i hele Vestland. Strømmen skal alltid fram
STRILEN tysdag 10. november 2026 Annonse 13
14 Vidare Eg valde Gann fordi eg ville på sjøen. Eg er vakse opp med sjøen, fisking og alt som høyrer med. Eg vil vere på sjøen Viljar Mathias Trongmo Viljar Mathias Trongmo frå Marøy på Radøy gjorde Gann til sin midlertidige heim. Foto: Privat STRILEN tysdag 10. november 2026
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 15 FAKTA: SKOLESKIPET GANN Skoleskipet Gann er ein offentleg nologi og VG2 maritime fag. godkjend vidaregåande friskule med utvida kristen formålsparagraf. MS Gann er 108,55 meter langt, har sju dekk og blei bygd i 1982. Skulen held til på Hundvåg i
16 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Tid til å lære. Midt i sentrum. Søk skoleplass metisvideregaende.no Utdanningsprogram Studiespesialisering Studiespesialisering med toppidrett Studieforberedende med medier og kommunikasjon Salg, service og reiseliv Påbygging til generell studiekompeta
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 LÆRLINGPLASS MØT OSS PÅ UTDANNINGSMESSEN 18. november Nordhordlandshallen Fagbrevet ditt starter her. NGB har siden 1969 holdt til i Nordhordland, og i dag er vi over 80 ansatte med base på Mongstad. Vi jobber blant annet med grunnarbeid, betongarbeid,
18 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Vi har oppstartsmøte, fast oppfølging og sluttevaluering. Vi følgjer dei frå dag éin Tone Kvingedal Øvretveit Foto: Henrik R. Hauken Følgjer ungdommane heilt fram til fagbrevet Når ein ungdom manglar læreplass, strekkjer lokale bedrifter seg langt. Det
STRILEN tysdag 10. november 2026 Annonse 19 skolen for deg som ønsker å kombinere studiespesialisering, musikkfag og internat a atliv! internatliv! les mer på kongshaug.no for Med kurs ! fremtiden SE VÅR HJEMMESIDE Kontakt våre rådgivere Helge: 457 22 923 helge.ove.halvorsen@hfk.no Marie: 45
20 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Ynskjer du å ta fagutdanning? Galteråsen 4, 5916 Isdalstø Telefon 56 34 17 30 www.oknordhordland.no VÅRE 250 LÆRLINGAR ER I OPPLÆRING HJÅ: Avdeling Mongstad 160 x 40 mm 500 x 125 mm Eikanger Bygg AS Entreprenør 4, 5916 Isdalstø www.h-sandvik.n
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Ditt lokale opplæringskontor driv opplæring innan programområda: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, Helse- og oppvekstfag, Håndverk, design og produktutvikling, Informasjonsteknologi og medie
22 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Generell studiekompetanse Godt miljø Topp kvalifiserte lærere TA VGS MED DANS OG MUSIKK! Åpen dag 3. februar. Finn info om revy, konserter og danseforestillinger på langhaugen.vgs.no, Facebook eller Instagram. Langhaugen har utdanningsprogrammene for
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 23 Lær faget der det bygges. Bli lærling hos Romarheim ekte prosjekter, fagfolk ved din side og et fagbrev å bygge på. Bygg fremtiden med oss. www.romarheim.no Kva vil du bli? Få full oversikt over utdanningstilbodet! BLI MED PÅ YRKESOG UTDANNINGSMESSA N
24 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Du får det presentert som at du tek valet for heile livet ditt Oddvar Vigdal og Monica Daae er glade for at dei turte å endre retning. Foto: Emma Neverdal I Sløvåg jobbar ein lærar og ein barne- og ungdomsarbeidar med noko heilt anna enn planlagt. Mon
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 25 Når du er ungdom og skal søkje skule, får du det presentert som at du tek valet for heile livet ditt. Det er tull Oddvar Vigedal Desse er godt synlege på vegen. Foto: Emma Neverdal Ein har ofte avgrensingar som ein seier til seg sjølv, som herregud,
26 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Sandfang Kummer og rister finner du overalt, i gater, boligområder, på bensin stasjoner eller vaskehaller. Når grus og sand renner inn i sandfanget, samler massene seg i bunnen, mens vannet renner videre ut i ledningsnettet. Tømming av sandfang må derf
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Som lærling eller TAFelev hos Bergen Engines blir du en del av et ungt og dynamisk læringsmiljø med rundt 50 lærlinger. Vi er Norges eneste motorfabrikk og gir en unik mulighet til å følge motorproduksjonen f ra start til slutt. TAF AUTOMASJON TAF INDUS
28 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Erlend Sagstad (23) er både tømrar og byggingeniør. Foto: Anne-Lise Nordpoll Det er viktig å følgja interessene Som liten bygde Erlend Sagstad (23) kassebilar. I dag er han tømrar og byggingeniør. ANNE-LISE NORDPOLL anne@strilen.no Når du jobbar med
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Crane Norway Vest AS er et selskap i Crane Norway Group. Selskapet har mer enn 45 års erfaring i kran- og transportbransjen knyttet til petroleum, industri, vindkraft, bygg og anlegg. Crane Norway Group er en av Skandinavias største mobilkranoperatører. Gru
30 Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 Det er stort behov for bussjåførar, og ein del av Skyss sine bussar køyrer rundt med denne bodskapen. Svein Arne jobba 38 år i politietaten. No køyrer han buss Svein Arne Hatlevik jobba først 38 år i politiet, derette i NGIR. No er han bussjåfør. ANNE-L
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 31 n veldig erfaren kar bak rattet om du sit på med bussen til han her. Alle foto: Anne-Lise Nordpoll frustrerande, så då gjer slike tilbakemeldingar ekstra godt. Det var også kjekt å oppleva at andre i politiet begynte å sjå verdien av slikt arbeid, og bl
32 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 En maritim utdannelse gir deg et hav av muligheter både til sjøs og på land. Maritim framtid Vil du ha en allsidig rolle i en av Norges største og viktigste næringer? Den maritime næringen er en fremtidsrettet bransje i stor endring, preget av teknolo
STRILEN tysdag 10. november 2026 Annonse 33
34 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Vi satsar på lærlingar! å skape å jobbe fysisk å jobbe med digitale verktøy å finne løsninger å være kreativ variasjon VI PRODUSERER OG LEVERER: + mye mer :) Helland Elektro er ei av Nordhordlands største elektroentreprenørar innan prosjekterin
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 35 Slik vil dei forsøke å endre søkartala Her er klassen på veg til Ålborg. Foto: Privat Med minkande interesse for studiespesialisering, gjer Austrheim vidaregåande fleire tiltak for å auke interessa. Eit av dei er å sende elevane på internasjonale skule
36 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Del ditt abonnement Du kan dele ein digital tilgang med din favorittperson. Det gjev tilgang til alt innhald på nett og nyhetsbrev. Del abonnementet på strilen.no/miside ANNONSE
Vidare STRILEN tysdag 10. november 2026 37 Kvardagen er variert og kjekk både ute på byggeplassane og her på kontoret, seier Egil Sagstad. Foto: Anne-Lise Nordpoll Tømraren som vart sjef Å vera tømrar er fantastisk praktisk. Det kan brukast til så mykje, seier Egil Sagstad. ANNE-LISE NORDPOLL
38 Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 ET HAV AV ERFARING Har du lyst å bli lærling i GK? Hvis du ønsker å jobbe med samfunnsviktige oppgaver og bidra til at vår næring tar sin del av klimaansvaret, ja da vil GK være et godt steg i riktig retning. I GK har vi et generasjonsperspektiv. GK er
Annonse STRILEN tysdag 10. november 2026 Opplæringskontoret for Nordhordland vart til etter initiativ frå lokale bedrifter, formelt stifta i 1995. Me er eit fleirfagleg opplæringskontor med godkjenning i 59 ulike fag og har 131 medlemsbedrifter som satsar på å gje ungdom fagopplæring i sine bedrif
Annonse 40 STRILEN tysdag 10. november 2026 Mange ulike utdanningsprogram og eit spennande og trygt miljø! STUDIESPESIALISERING YRKESFAG VÅRE UTDANNINGSTILBOD BA: Bygg- og anleggsteknikk EL: Elektro og datateknologi Kvardagslivstrening Arbeidslivstrening HO: Helse - og oppvekstfag TIF: Tek