LIVET PÅ HYBEL
K
Kvar haust er det fleire hundre ungdomar
i Noreg som pakkar ned barnerommet,
seier hadet til familien og flyttar inn
på ei hybel ein annan stad i landet.
Å gå på vidaregåande skule betyr for
mange at ein må flytta bort frå heimstaden,
særleg i distrikta der det ikkje alltid finst
alle utdanningsprogramma lokalt.
Hybellivet har blitt ein del av
EG VILLE FULLFØRA SKULEN, OG DÅ
MÅTTE EG FLYTTA
Eline bur på hybel fordi familien hennar bur seks
timar unna der ho går på vidaregåande.
Eg gjekk her i fjor og ville fullføra skulen. Då blei
hybel den einaste løysinga, seier ho.
Ho fann hybelen sin på hybel.no, ei nettside som
fungerer som ein marknadsplass mellom utleigarar
og ungdommar som treng ein stad å bu. Her kan ein
leggje ut ein profil, beskrive seg sjølv og bli kontakta
av dei som har rom ledige.
Eg laga berre ein profil og skreiv litt om meg sjølv,
så tok dei kontakt med meg. Det var overraskande
enkelt.
Det er ikkje alle som er så heldige. Mange ungdommar må gjennom lange køar, streng konkurranse og dyre leilegheiter før dei finn noko som passar.
Men for Eline ordna det seg raskt.
FRIHEIT, MEN OGSÅ ANSVAR
Hybellivet kjem gjerne med to hovudfølelsar: ei litt
ny og spennande friheit, og eit lite stikk av hjelp,
dette må eg gjera sjølv.
Det beste er friheita. At du styrer dagane dine
heilt sjølv, fortel Eline.
Men den fridomen har ein bakside:
Det verste er at du må ordna alt sjølv. Middag,
klesvask, handling... Eg måtte bli veldig sjølvstendig,
veldig fort.
For mange ungdommar kan det kjennast som
om vaksenlivet står og bankar på litt tidlegare enn
planlagt. Å gå på butikken, skriva handleliste, vite
kva som er lurt å kjøpa dette er ting dei fleste ikkje
har tenkt så mykje på før dei plutseleg må.
EIN VANLEG DAG PÅ HYBEL
Kvardagen til Eline er ganske typisk for mange
hybelbuarar.
Eg står opp, lagar meg frukost og dreg på skulen.
Når eg kjem heim, ser eg litt på TV, lagar middag
ungdomskulturen, og dei fleste kjenner
nokon som bur på hybel eller vurderer
å gjera det. Men korleis er det eigentleg?
Er det mest friheit og gode vibbar?
Eller er det ansvar, rekningar og litt
for mange brødskiver med leverpostei?
For Eline Enger Jørgensen (19) frå Ulefoss
i Telemark blei hybelkvardagen ein heilt
ny start.
og kanskje ryddar litt. Om eg ikkje jobbar, då.
For matlagingsbiten innrømmer ho at ho framleis
er i læringsfasen.
Eg er dårleg på det, ler ho. Men eg prøver å følgja
med på tilbod og laga to porsjonar så eg har restar.
Og så kjøper eg matvarer som kan brukast i fleire
ulike måltid.
Det er ei typisk strategi for mange ungdommar
som skal få budsjettet til å strekkja litt lenger.
MOTIVASJON OG TRIVSEL: EG PRØVER
Å GJERA DET HEIMLEG
Når ein bur åleine, må ein jobba litt ekstra for
å trivast.
Eg held motivasjonen oppe ved å ha det koseleg
i hybelen. Det hjelper faktisk mykje å pynta litt og
gjera det heimekoseleg. Og så har eg venner som kjem
innom, det er veldig viktig.
Hybellivet handlar ikkje berre om praktiske ting,
det handlar og om å skapa ein base som følest trygg.
NÅR EINSEMD KJEM SNIKANDE
Det er lett å tru at hybellivet berre er fest, friheit og
fridom. Sanninga er at mange ungdommar kjenner
på einsemd.
Det har vore nokre helger der eg berre har reist
spontant heim, seier Eline.
Når ho ikkje kan reisa heim, brukar ho telefonen.
Då ringer eg mamma og sit på telefonen med henne i ein time. Det hjelper alltid.
Det å bu åleine for første gong kan gi ein klump i
magen ein ikkje heilt hadde forventa.
Det som overraska meg mest, var kor dyrt alt er.
Og kor mykje ein kjenner på det å vera aleine.
ØKONOMIEN: EIN TALLERKEN KOSTAR 20
KRONER, MEN DU TRENG FLEIRE
Når ein flyttar på hybel, oppdagar ein fort at pengar
har ein annan verdi enn heime.
Eg skulle ønskt eg visste kor dyrt alt eigentleg er.
Det er det største sjokket, seier ho.
Det handlar ikkje berre om husleige og mat,
men alle dei små tinga.
Tips til andre som skal flytta? Finn ein hybel
som har litt møblar og utstyr frå før. Ein tallerken
kostar kanskje 20 kroner, men du treng fleire, og
då blir det dyrt fort.
Ho understrekar òg kor viktig det er å ha eit nettverk.
Ha folk du kan kontakta viss du kjenner deg
aleine. Det er veldig viktig.
FRITID: JOBB, SOFA OG VENNER
Sjølv om dagane er travle, prøver Eline å nyta fritida si.
På fritida jobbar eg, eller så sit eg i sofaen og ser
på TV, eller er med venner.
Det er ikkje alltid spektakulært, men det er ekte
ungdomsliv: litt arbeid, litt sløving og litt sosialt.
BLIR DET MEIR HYBELLIV?
Når ho ser framover, trur ho ikkje at hybellivet varer
så lenge.
Eg ser for meg at eg flyttar heim neste år. Så får
vi sjå kvar eg studerer etter vidaregåande. Om eg må
flytta igjen, går det fint no veit eg kva eg går til.
EIT LIV MANGE KAN KJENNA SEG IGJEN I
Hybellivet er noko dei fleste ungdommar berre
høyrer om heilt til dei sjølve står midt oppe i det.
For Eline er det ei blanding av fridom, ansvar, nye
utfordringar og gode opplevingar. Og slik er det for
mange: hybellivet er ikkje berre ein bustad det er
ein overgang, ei læring og ei viktig erfaring.
Det er her mange ungdommar tek dei første
stega inn i vaksenlivet, på godt og vondt.
Av Sanna Salomonsen Røssland
Foto: Thomas Bottolfsen 3MKA
UT DA NN ING Savisa ANNONSEBILAG POLARISMEDIAVEST FREDAG 9. JANUAR 2026 Dia per Ball toy s Bab Fee din y ro gb ottle mp er Sw ing Mo ses Str olle ANDREAS FANN FRAMTIDA SI PÅ FØDESTOVA NORA TOK SEG EIT FRIÅR I FORSVARET STUDIEPESIALISERANDE MED BUSINESS PÅ STORD VGS TOBIAS STEN FØLGD
2 VELKOMMEN TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2026 Kjære elever, foreldre, lærere, rådgivere, mentorer og utstillere og alle andre som skal på årets messe, Stord Rotary Klubb håper dere får en god og nyttig opplevelse disse to dagene på den 34. Utdanningsmessa for Sunnhordland. Til Dere unge - d
UTSTILLARAR STAND UTSTILLAR 1 Stord Rotary Klubb 2 Sunnhordland 3 Tveit Vidaregåande Skule 4 Kongshaug Musikkgymnas 5 B & G Vest ONSDAG 21. JANUAR 2026 09.00 VELKOMMEN TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2026 10.00 HELSING FRÅ STORD ROTARYKLUBB 6 OKAB Hnr 7 Haugesund Toppidrettsgymn
4 ROTARY INTERNATIONAL TILBOD TIL UNGDOM KVEN KAN SØKJA: Ha avslutta 1. eller 2. klasse i vidaregåande skule Væra sosial, utåtvent, moden og reflektert Væra motivert for å læra nytt språk og ein ny kultur All ungdom som anbefalast av ein rotaryklubb óg barn av rotarianarar Rotary Internatio
5 INNHALD KART OVER MESSA, PROGRAM OG UTSTILLARAR 2-3 ROTARY SITT TILBOD TIL UNGDOM 4 NORA TESTAR UT FORSVARET 6 STUDIESPESIALISERANDE MED BUSINESSS 8 TOBIAS STEN SATSA ALT PÅ MUSIKKEN 10-11 GLIMT FRÅ UTDANNINGSMESSA I FJOR 13 MED PRAKSIS PÅ TIMEPLANEN 14 PREBEN TRIVST PÅ HAVBRUK 16
NÅR VILJE MØTER MEISTRING I EIN MILITÆR KVARDAG FAKTA OM SKJOLD LEIR Type: Militær leir Stad: Øverbygd, Troms og Finnmark Oppretta: 1953 Funksjon: Strategisk base for trening, øving og militær drift i Nord-Noreg Øvingsområde: Mauken og Blåtind skytefelt Heimebase for 2. bataljon og Ingeniørbataljone
www.leroyseafood.com/no både med og utan fagbrev. Vaksenopplæring innan helse og oppvekst/helsefagarbeidar, restaurant- og matfag og kokk- og servitørfag. Naturbruk Vi tilbyr læreplass innen følgende fagretninger: Automatiseringsfaget Kjemiprosessfaget Produksjonsteknikkfaget Bilfaget, tunge kj
STUDIESPESIALISERANDE MED BUSINESS EI NY LINJE PÅ STORD VGS Det er tidleg formiddag på Stord vidaregåande skule, og inne i eit av klasseromma sit ti elevar samla. Notatbøkene ligg framleis framme på pultane etter timen dei nettopp hadde, i marknadsføring. No har dei friminutt, men praten held fram
Søknadsfrist 1.mars Ta vidaregåande utdanning hos oss Studieførebuande utdanningsprogram Yrkesfaglege utdanningsprogram Studiespesialisering Idrettsfag Musikk, dans og drama Medium og kommunikasjon Påbygging til studiekompetanse Andre tilbod Vaksenopplæring Tilrettelagt opplæring Kurs Teknol
10 Tobias på scena foran eit engasjert publikum. Her speler han i Notodden. TOBIAS FØLGDE DRAUMEN - SATSA ALT PÅ MUSIKKEN TOBIAS STEN (22) HAR PÅ KORT TID TEKE LANDET MED STORM MED LÅTER SOM HEIM TE STÅVO OG FY FAEN DU E DEILI - TO AV FLEIRE UTGJEVINGAR SOM HAR FÅTT MILLIONAR AV STRØYMINGAR. PÅ
FRÅ LIMPI TIL UNIVERSAL MUSIC Etter videregåande visste Tobias at han ville halde fram med musikk - men han visste ikkje heilt korleis han skulle gjere det. Ein dag kom han over den private musikkskulen LIMPI (Lillehammer Institute of Music Production and Industries). LIMPI er ein privat høgskule s
Ein god plass å vera, ein god plass å læra Du veit du går på Fitjar når kvardagane er gode! Utdanningstilboda våre: Vg1: Vg2: Vg3/4: Vaksenopplæring Helse- og oppvekstfag Helse og oppvekstfag, studieførebuande (andre år) Helse og oppvekstfag, studieførebuande (tredje år) innan helsearbei
UTDANNINGSMESSA 2025 Messa er open for alle så det er berre å ta turen innom. Spesielt vil me u tfordra foreldre, føresette og andre som veileiar ungdom til å ta turen innom. Der vil dei få førstehands informasjon frå bedrifter og læreinstitusjonar. Som bonus vil ein også få inntrykk av kva som rør
14 SLIK FÅR FITJAR-ELEVANE SMAKE PÅ ARBEIDSLIVET ALLEREIE NO PÅ FITJAR VIDEREGÅANDE SKULE FINN DU UNGDOMMAR SOM BÅDE ARBEIDER MED BARN, BRUKER TID SAMAN MED ELDRE SAMT LAGAR MAT TIL BETALANDE GJESTER. PÅ DENNE SKULEN FÅR ELEVANE OPPLEVE KORLEIS FAGET DEIRA FUNGERER I PRAKSIS, LENGE FØR DEI ER FERDI
Scan og søk lærlingplass We solve global energy challenges for future generations www.akersolutions.com
INTERVJU PREBEN EIDE SISTE ÅRET PÅ HAVBRUK PÅ BØMLO VGS A Akvakultur er eit utdanningstilbod som ein kan få via naturbruklinja på Bømlo vgs. Ein får praktisk og teoretisk opplæring i oppdrett av fisk. Det er mykje praksis ute i lokale havbruksbedrifter og skulen samarbeider med Bremnes Seashore.
Godt straumval! Valet er ditt Mange har allereie sagt ja til Noregspris på straumen. Om du også vurderer dette kan det òg vere lurt å sjå nærare på kven du kjøper straumen frå. Prisforskjellane mellom selskapa er små ofte berre nokre få kroner i månaden. Som lokalt straumselskap deler me inntekten
Møt oss oss på Møt på utdanningsutdanningsmessa messa HELSEARBEIDARFAGET HELSEARBEIDARFAGET Me treng BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAGET BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAGET DEG! IT DRIFTSFAG IT DRIFTSFAG MÅLAR- OG OVERFLATETEKNIKK MÅLAR- OG OVERFLATETEKNIKK BYGGDRIFTAR BYGGDRIFTAR STORD KOMMUNEer erein
#Lærling2026 Vi søker lærlinger i aluminiumskonstruksjon med planlagt oppstart i august. Vår produksjon holder til på Eldøyane, i fine og nye lokaler. Dersom du er på jakt etter nye utfordringer og varierte arbeidsoppgaver, i et uformelt og godt arbeidsmiljø, søk gjerne via yso.no Hvem er vi? Marine
20 NAMN: THOMAS ERVIK BOTTOLFSEN ALDER: 18 SKULE: STORD VGS LINJE: MEDIUM OG KOMMUNIKASJON VG3 På sitt tredje år på vidaregåande gjer Thomas ting litt annleis enn mange andre, han skal nemleg ikkje vera russ. Eg synes at å vera russ er ein uting, og berre blir dyrt, meiner han. Han likar å gå på sto
Telefon 53 41 19 55 Mobil 913 33 875 E-post: post@su-tra.no www.su-tra.no facebook.com/krokeidevgs www.krokeide.vgs.no firmapost@krokeide.vgs.no instagram.com/krokeide_vgs Elektrofaget Automatikerfaget Drømmer du om å STORD BØMLO KVINNHERAD FITJAR TYSNES Industrimekanikerfaget Industrirørleg
22 NAMN: JOHANNE HYSTAD KYVIK ALDER: 18 SKULE: STORD VGS LINJE: MUSIKKLINJA VG3 Johanne synes venane hennar er det beste med skulen, og synes dei er veldig viktige for ein kjekk kvardag. Eg gler meg til å bruke russetida mi saman med dei, og eg gler meg til fellesfestane tvers av linjene på kullet,
På torget kan du kjøpa og og selja selja kjøpa kjøpa og selja det meste meste det det meste www.sunnhordland.no www.su-tra.no Telefon 53 41 19 55 Mobil 913 33 875 E-post: post@su-tra.no www.su-tra.no Oppfølgings- fagopplæring til lærlingar, bedrifter, og andre. Rettleier iskular spørsmål om Hjelp
SØKNADSFRIST 2. MARS Velkomen til Bømlo vidaregåande skule! Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og l
LAKS ER FRAMTIDA Frå dei djupe fjordane langs Noregs kyst serverer me laks til heile verda. Kvart år produserer me tilsvarande 200 millionar middagsporsjonar, og på topp moderne lokalitetar i Rogaland og Vestland følgjer me heile prosessen frå rogn til slakteklar laks. Laks kjem til å vera svært vi
26 Det er ei utfordring for dei unge å gjera sine val av utdanning. Samfunnet er i stadig utvikling og det skjer endringar heile tida. Då kan det vera bra med ei utdanningsmesse der ein kan få stilla spørsmål til og få svar frå alle dei som er utstillarar på messa. Det er klart for Utdanningsmessa
Stord Rotary Klubb HVA ER DIN DRØM? Me takkar følgjande hovudsponsorar og andre for økonomisk støtte Gratulerer med muligheten til å gjøre ditt først yrkesvalg. Det kan høres vanskelig ut, men du er heldig. Du har mange muligheter og kan gjøre nye valg senere. Det første valget nå er å velge en r
LIVET PÅ HYBEL K Kvar haust er det fleire hundre ungdomar i Noreg som pakkar ned barnerommet, seier hadet til familien og flyttar inn på ei hybel ein annan stad i landet. Å gå på vidaregåande skule betyr for mange at ein må flytta bort frå heimstaden, særleg i distrikta der det ikkje alltid finst
VÅRE ANSATTE ER VÅR VIKTIGSTE RESSURS! OM VÅRE ANSATTE I Crane Norway Group opplever våre ansatte en variert hverdag med daglige utfordringer. Kranføreren har det siste og viktigste ansvaret for utførelsen og sørger for at arbeid gjennomføres med høyeste grad av sikkerhet. Kranarbeid innebærer allt
MANNEN SOM FANN FRAMTIDA SI PÅ FØDESTOVA Diape r Ball to ys Feedin Baby romp e r Swing ing g bot tle Mose s Strolle r Hang ing to ys Toy d u ck Lollip op Diaper Ball toys Baby romper Doll Swinging Toys Sock Dress Feeding bottle Moses Dumm y teat Stroller Hanging toys ib
FUEL YOUR POWER Me tre - Flin - Fag indu som ø grøn te Bli med å bidra til å utvikle fremtidens teknologi innen maritim industri wartsila.com/careers Me treng - Flinke lærlingar ME TRENG: automasjonsingeniør - Fagarbeidarar innan flinke lærlingar industrimekanikk og automasjon innan som ønsk
32 Stord vidaregåande skule har i mange år tilbydd elevar å dra på utveksling slik at dei kan studere eit år i eit anna land og bli meir kjent med kulturen, språket og sjølvsagt folket som bur der. På liknande vis tek skulen i mot elevar frå andre land som kjem hit på utveksling. I år har Stord VGS
Heimefrå, men ikkje åleine! Skal du begynne på vidaregåande til hausten? Lundeneset er ein vanleg vidaregåande skule, men samtidig mykje meir. Me er ein internatskule der dei fleste av elevane bur på internat. Skulen ligg i Ølensvåg og har om lag 190 elevar. På Lundeneset er det ei rekke tilbod og m
STORD ROTARY KLUBB SINE MÅL Stord Rotary Klubb er ein av 35000 Rotary Klubbar i 220 ulike land som er engasjert i humanitære prosjekt. Klubben har 40 medlemmer som møtes kvar onsdag. Medlemmene vert rekruttert frå ulike yrker. Gjennom møter og andre aktivitetar lærer ein nye menneske å kjenna og ein
#faktiskblinoe Lærar Sivilingeniør Sjukepleiar Barnehagelærar Siviløkonom Helsesjukepleiar Nettverksteknikar Branningeniør Naturguide Sosionom Entreprenør Barnevernspedagog Personleg trenar Ergoterapeut IT-konsulent Havteknolog Jordmor Musikklærar Kjemiingeniør Dekksoffiser Vernepleia
AMALIE VANN 50.000 KR I UTDANNINGSSTIPEND 27 ÅR GAMLE AMALIE RØSTBØ VART DEN HELDIGE VINNAREN AV 50.000 KR DÅ STORD ROTARY KLUBB DELTE UT SITT ÅRLEGE UTDANNINGSSTIPEND. A Amalie bur i dag i Bergen saman med sambuaren sin, men er opphaveleg frå Kvinnerhad. Ho har bachelorgrad i kunsthistorie frå Uni