AMALIE VANN 50.000 KR
I UTDANNINGSSTIPEND
27 ÅR GAMLE AMALIE RØSTBØ VART DEN HELDIGE
VINNAREN AV 50.000 KR DÅ STORD ROTARY KLUBB
DELTE UT SITT ÅRLEGE UTDANNINGSSTIPEND.
A
Amalie bur i dag i Bergen saman
med sambuaren sin, men er opphaveleg frå Kvinnerhad. Ho har
bachelorgrad i kunsthistorie frå
Universitetet i Bergen og er no i gang
med mastergrad i samme fag, som
ho skal levera til våren. Ved sida av
studie jobbar ho på Norli bokhandel,
der interessa for kunst og litteratur
kjem godt med.
- Eg likar å lese bøker, gjerne innan
norsk litteratur, men også mykje
anna, seier ho.
ALLSIDIG UTDANNING
Med kunsthistorie som fagfelt har
Amalie tru på at utdanninga kan
opne mange dører for ho.
- Eg får ofte spørsmål om kva eg
eigentleg kan gjere med utdanninga
mi. Det korte svaret er eigentleg at
ein kan jobba nesten overalt. Studiet
er veldig allsidig, fordi du får med
deg eigenskaper innan tekst, analyse og formidling som kan brukast
i mange yrke, seier ho.
Likevel er det ingen tvil om kvar
hjartet hennar ligg.
- Eg vil helst jobba med kunst, slår
ho fast.
DRAUMEOPPGÅVA
Stipendet frå Stord Rotary klubb var
noko Amalie søkte på sjølv, med ei
heilt klar målsetjing.
- Eg tenkte at 50.000 kr kunne
gjera det mogleg for meg å gjennomføra draumeoppgåva mi. No kan eg
reisa rundt og besøkja museum og
sjå verka eg skal skrive om. Det var
heile tanken og motivasjonen bak
søknaden.
Masteroppgåva hennar handlar
om tekstilkunst, eit felt der det å sjå
verka med eigne auge er avgjerande.
- Det å berre sjå foto av tekstilverk
gir ikkje nok innsyn. Det er taktile
verk, og mange kvalitetar og detaljer
får ein berre med seg når ein ser det
med eigne auge. Tidligare denne veka
var eg til dømes i Førde, på kunstmuseet der. Der fekk eg sjå to verk eg
tidlegare berre har sett på bilete, og
det gav meg ei heilt anna analyse og
forståing. Det har vore svært viktig
for arbeidet mitt, forklarar ho.
OVERRASKA VINNAR
Det var ein telefon nokre veker før
sjølve utdelinga som avslørte at
ho hadde vunne stipendet.
- Dei ringde meg frå Stord Rotary
klubb og sa at eg hadde vunne. Det
var veldig stas, eg vart heilt sett ut.
Eg visste eigentleg ikkje heilt kva eg
skulle seia, men eg vart veldig glad.
Amalie smiler mens ho fortel.
Ho måtte halde nyheita litt for seg
sjølv fram til den offisielle utdelinga
på Stord.
- Eg sa det berre til dei aller næraste i starten. Familien min og sambuaren min er mine store støttespelarar, og dei vart sjølvsagt skikkelig glade og gira på mine vegner.
STOR GLADNYHET FOR DET
KOMMANDE ÅRET
Som om ikkje stipendet var nok,
kan Amalie også dela ei heilt fersk
og svært gledeleg nyheit.
Allereie i januar skal ho nemleg
overta Galleri G Guddal utanfor
Rosendal - eit veletablert kunstgalleri som har vore drive av Gøril Guddal i 30 år. Guddal går no av med
pensjon, og stafettpinnen går vidare
til den unge kunsthistorikaren frå
Kvinnherad.
- Det skjedde eigentleg heilt tilfeldig. Eg vart intervjua i lokalavisa
i Kvinnherad om stipendet eg hadde
vunne, og to dagar seinare ringde
telefonen. Då spurde Gøril om eg
kunne vera interessert i å overta
galleriet. Eg syns det var ei veldig
gøy moglegheit, og takka ja med ein
gong, fortel Amalie ivrig.
Ho skal vera både eigar og dagleg
ledar i galleriet.
- Kunstnarar frå heile Noreg skal
få stilla ut hjå meg, seier ho.
Amalie kjem til å halda fram med
å bu i Bergen, men vil tilbringa
somrane i Kvinnherad når galleriet
har ope. Galleri G Guddal held ope
i helgane frå påske til sommar, og
deretter kvar dag gjennom sommarsesongen. Allereide skjærtorsdag
i påsken 2026 opnar Amalie dørene
som ny gallerieigar, for aller fyrste
gong.
- Det er berre å ta turen, seier ei
oppglødd stipendvinnar og gallerieigar.
TIDLEGARE VINNARAR AV UTDANNINGSSTIPENDET
2000: Per Gunnar Fjelldal
(marinbiologi og fiskeoppdrett)
2001: André Nerheim (EU-studie)
2002: Geir André Bakke
(informatikk og data)
2003: Olve Nyhammer
(kiropraktikk)
2004: Torstein Leth
(HMS-ingeniør)
2005: Eva Bjønnes
(naturgeografi)
2006: Charlotte Hystad, Håkon
Harrystad og Eivind Sørheim
(arkitektur)
2007: Julie Berger (fysioterapi)
2008: Katrine Borgenvik (kunst)
2009: Silje Framnes
(grafisk design)
2010: Katie Evans Lothe
(siviløkonom)
2011: Svein Roger Koppang
(musikk)
2012: Nils Eivind Horneland
(arkitektur)
2013: Kine Johnsen (medisin)
2014: Tom Stien (gitarbygging)
2015: Heidi Straumsøy
(småbrukar og gründer)
2016: Anne Margrete Leirvik
(personalleiing)
2017: Thomas Hellen
(havbruksnæring)
2018: Elin Skorpen
(dyrevelferd)
2019: Ane Agdestein
(arkitektur)
2020: Johannes Grov
(energiteknologi)
2021: Anne Lise Grønstad
(geologi)
2022: Johannes Grov
(sivilingeniør)
2023: John Wilhelm Ulversøy
Johnsen (elektroingeniør)
2024: Øyvind Tvedte Vassdal,
(industriell økonomi og
teknologileiing), Stord
2025: Amalie Røstbø, Kvinnherad
(Norsk tekstilkunst)
UT DA NN ING Savisa ANNONSEBILAG POLARISMEDIAVEST FREDAG 9. JANUAR 2026 Dia per Ball toy s Bab Fee din y ro gb ottle mp er Sw ing Mo ses Str olle ANDREAS FANN FRAMTIDA SI PÅ FØDESTOVA NORA TOK SEG EIT FRIÅR I FORSVARET STUDIEPESIALISERANDE MED BUSINESS PÅ STORD VGS TOBIAS STEN FØLGD
2 VELKOMMEN TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2026 Kjære elever, foreldre, lærere, rådgivere, mentorer og utstillere og alle andre som skal på årets messe, Stord Rotary Klubb håper dere får en god og nyttig opplevelse disse to dagene på den 34. Utdanningsmessa for Sunnhordland. Til Dere unge - d
UTSTILLARAR STAND UTSTILLAR 1 Stord Rotary Klubb 2 Sunnhordland 3 Tveit Vidaregåande Skule 4 Kongshaug Musikkgymnas 5 B & G Vest ONSDAG 21. JANUAR 2026 09.00 VELKOMMEN TIL UTDANNINGSMESSA FOR SUNNHORDLAND 2026 10.00 HELSING FRÅ STORD ROTARYKLUBB 6 OKAB Hnr 7 Haugesund Toppidrettsgymn
4 ROTARY INTERNATIONAL TILBOD TIL UNGDOM KVEN KAN SØKJA: Ha avslutta 1. eller 2. klasse i vidaregåande skule Væra sosial, utåtvent, moden og reflektert Væra motivert for å læra nytt språk og ein ny kultur All ungdom som anbefalast av ein rotaryklubb óg barn av rotarianarar Rotary Internatio
5 INNHALD KART OVER MESSA, PROGRAM OG UTSTILLARAR 2-3 ROTARY SITT TILBOD TIL UNGDOM 4 NORA TESTAR UT FORSVARET 6 STUDIESPESIALISERANDE MED BUSINESSS 8 TOBIAS STEN SATSA ALT PÅ MUSIKKEN 10-11 GLIMT FRÅ UTDANNINGSMESSA I FJOR 13 MED PRAKSIS PÅ TIMEPLANEN 14 PREBEN TRIVST PÅ HAVBRUK 16
NÅR VILJE MØTER MEISTRING I EIN MILITÆR KVARDAG FAKTA OM SKJOLD LEIR Type: Militær leir Stad: Øverbygd, Troms og Finnmark Oppretta: 1953 Funksjon: Strategisk base for trening, øving og militær drift i Nord-Noreg Øvingsområde: Mauken og Blåtind skytefelt Heimebase for 2. bataljon og Ingeniørbataljone
www.leroyseafood.com/no både med og utan fagbrev. Vaksenopplæring innan helse og oppvekst/helsefagarbeidar, restaurant- og matfag og kokk- og servitørfag. Naturbruk Vi tilbyr læreplass innen følgende fagretninger: Automatiseringsfaget Kjemiprosessfaget Produksjonsteknikkfaget Bilfaget, tunge kj
STUDIESPESIALISERANDE MED BUSINESS EI NY LINJE PÅ STORD VGS Det er tidleg formiddag på Stord vidaregåande skule, og inne i eit av klasseromma sit ti elevar samla. Notatbøkene ligg framleis framme på pultane etter timen dei nettopp hadde, i marknadsføring. No har dei friminutt, men praten held fram
Søknadsfrist 1.mars Ta vidaregåande utdanning hos oss Studieførebuande utdanningsprogram Yrkesfaglege utdanningsprogram Studiespesialisering Idrettsfag Musikk, dans og drama Medium og kommunikasjon Påbygging til studiekompetanse Andre tilbod Vaksenopplæring Tilrettelagt opplæring Kurs Teknol
10 Tobias på scena foran eit engasjert publikum. Her speler han i Notodden. TOBIAS FØLGDE DRAUMEN - SATSA ALT PÅ MUSIKKEN TOBIAS STEN (22) HAR PÅ KORT TID TEKE LANDET MED STORM MED LÅTER SOM HEIM TE STÅVO OG FY FAEN DU E DEILI - TO AV FLEIRE UTGJEVINGAR SOM HAR FÅTT MILLIONAR AV STRØYMINGAR. PÅ
FRÅ LIMPI TIL UNIVERSAL MUSIC Etter videregåande visste Tobias at han ville halde fram med musikk - men han visste ikkje heilt korleis han skulle gjere det. Ein dag kom han over den private musikkskulen LIMPI (Lillehammer Institute of Music Production and Industries). LIMPI er ein privat høgskule s
Ein god plass å vera, ein god plass å læra Du veit du går på Fitjar når kvardagane er gode! Utdanningstilboda våre: Vg1: Vg2: Vg3/4: Vaksenopplæring Helse- og oppvekstfag Helse og oppvekstfag, studieførebuande (andre år) Helse og oppvekstfag, studieførebuande (tredje år) innan helsearbei
UTDANNINGSMESSA 2025 Messa er open for alle så det er berre å ta turen innom. Spesielt vil me u tfordra foreldre, føresette og andre som veileiar ungdom til å ta turen innom. Der vil dei få førstehands informasjon frå bedrifter og læreinstitusjonar. Som bonus vil ein også få inntrykk av kva som rør
14 SLIK FÅR FITJAR-ELEVANE SMAKE PÅ ARBEIDSLIVET ALLEREIE NO PÅ FITJAR VIDEREGÅANDE SKULE FINN DU UNGDOMMAR SOM BÅDE ARBEIDER MED BARN, BRUKER TID SAMAN MED ELDRE SAMT LAGAR MAT TIL BETALANDE GJESTER. PÅ DENNE SKULEN FÅR ELEVANE OPPLEVE KORLEIS FAGET DEIRA FUNGERER I PRAKSIS, LENGE FØR DEI ER FERDI
Scan og søk lærlingplass We solve global energy challenges for future generations www.akersolutions.com
INTERVJU PREBEN EIDE SISTE ÅRET PÅ HAVBRUK PÅ BØMLO VGS A Akvakultur er eit utdanningstilbod som ein kan få via naturbruklinja på Bømlo vgs. Ein får praktisk og teoretisk opplæring i oppdrett av fisk. Det er mykje praksis ute i lokale havbruksbedrifter og skulen samarbeider med Bremnes Seashore.
Godt straumval! Valet er ditt Mange har allereie sagt ja til Noregspris på straumen. Om du også vurderer dette kan det òg vere lurt å sjå nærare på kven du kjøper straumen frå. Prisforskjellane mellom selskapa er små ofte berre nokre få kroner i månaden. Som lokalt straumselskap deler me inntekten
Møt oss oss på Møt på utdanningsutdanningsmessa messa HELSEARBEIDARFAGET HELSEARBEIDARFAGET Me treng BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAGET BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAGET DEG! IT DRIFTSFAG IT DRIFTSFAG MÅLAR- OG OVERFLATETEKNIKK MÅLAR- OG OVERFLATETEKNIKK BYGGDRIFTAR BYGGDRIFTAR STORD KOMMUNEer erein
#Lærling2026 Vi søker lærlinger i aluminiumskonstruksjon med planlagt oppstart i august. Vår produksjon holder til på Eldøyane, i fine og nye lokaler. Dersom du er på jakt etter nye utfordringer og varierte arbeidsoppgaver, i et uformelt og godt arbeidsmiljø, søk gjerne via yso.no Hvem er vi? Marine
20 NAMN: THOMAS ERVIK BOTTOLFSEN ALDER: 18 SKULE: STORD VGS LINJE: MEDIUM OG KOMMUNIKASJON VG3 På sitt tredje år på vidaregåande gjer Thomas ting litt annleis enn mange andre, han skal nemleg ikkje vera russ. Eg synes at å vera russ er ein uting, og berre blir dyrt, meiner han. Han likar å gå på sto
Telefon 53 41 19 55 Mobil 913 33 875 E-post: post@su-tra.no www.su-tra.no facebook.com/krokeidevgs www.krokeide.vgs.no firmapost@krokeide.vgs.no instagram.com/krokeide_vgs Elektrofaget Automatikerfaget Drømmer du om å STORD BØMLO KVINNHERAD FITJAR TYSNES Industrimekanikerfaget Industrirørleg
22 NAMN: JOHANNE HYSTAD KYVIK ALDER: 18 SKULE: STORD VGS LINJE: MUSIKKLINJA VG3 Johanne synes venane hennar er det beste med skulen, og synes dei er veldig viktige for ein kjekk kvardag. Eg gler meg til å bruke russetida mi saman med dei, og eg gler meg til fellesfestane tvers av linjene på kullet,
På torget kan du kjøpa og og selja selja kjøpa kjøpa og selja det meste meste det det meste www.sunnhordland.no www.su-tra.no Telefon 53 41 19 55 Mobil 913 33 875 E-post: post@su-tra.no www.su-tra.no Oppfølgings- fagopplæring til lærlingar, bedrifter, og andre. Rettleier iskular spørsmål om Hjelp
SØKNADSFRIST 2. MARS Velkomen til Bømlo vidaregåande skule! Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og l
LAKS ER FRAMTIDA Frå dei djupe fjordane langs Noregs kyst serverer me laks til heile verda. Kvart år produserer me tilsvarande 200 millionar middagsporsjonar, og på topp moderne lokalitetar i Rogaland og Vestland følgjer me heile prosessen frå rogn til slakteklar laks. Laks kjem til å vera svært vi
26 Det er ei utfordring for dei unge å gjera sine val av utdanning. Samfunnet er i stadig utvikling og det skjer endringar heile tida. Då kan det vera bra med ei utdanningsmesse der ein kan få stilla spørsmål til og få svar frå alle dei som er utstillarar på messa. Det er klart for Utdanningsmessa
Stord Rotary Klubb HVA ER DIN DRØM? Me takkar følgjande hovudsponsorar og andre for økonomisk støtte Gratulerer med muligheten til å gjøre ditt først yrkesvalg. Det kan høres vanskelig ut, men du er heldig. Du har mange muligheter og kan gjøre nye valg senere. Det første valget nå er å velge en r
LIVET PÅ HYBEL K Kvar haust er det fleire hundre ungdomar i Noreg som pakkar ned barnerommet, seier hadet til familien og flyttar inn på ei hybel ein annan stad i landet. Å gå på vidaregåande skule betyr for mange at ein må flytta bort frå heimstaden, særleg i distrikta der det ikkje alltid finst
VÅRE ANSATTE ER VÅR VIKTIGSTE RESSURS! OM VÅRE ANSATTE I Crane Norway Group opplever våre ansatte en variert hverdag med daglige utfordringer. Kranføreren har det siste og viktigste ansvaret for utførelsen og sørger for at arbeid gjennomføres med høyeste grad av sikkerhet. Kranarbeid innebærer allt
MANNEN SOM FANN FRAMTIDA SI PÅ FØDESTOVA Diape r Ball to ys Feedin Baby romp e r Swing ing g bot tle Mose s Strolle r Hang ing to ys Toy d u ck Lollip op Diaper Ball toys Baby romper Doll Swinging Toys Sock Dress Feeding bottle Moses Dumm y teat Stroller Hanging toys ib
FUEL YOUR POWER Me tre - Flin - Fag indu som ø grøn te Bli med å bidra til å utvikle fremtidens teknologi innen maritim industri wartsila.com/careers Me treng - Flinke lærlingar ME TRENG: automasjonsingeniør - Fagarbeidarar innan flinke lærlingar industrimekanikk og automasjon innan som ønsk
32 Stord vidaregåande skule har i mange år tilbydd elevar å dra på utveksling slik at dei kan studere eit år i eit anna land og bli meir kjent med kulturen, språket og sjølvsagt folket som bur der. På liknande vis tek skulen i mot elevar frå andre land som kjem hit på utveksling. I år har Stord VGS
Heimefrå, men ikkje åleine! Skal du begynne på vidaregåande til hausten? Lundeneset er ein vanleg vidaregåande skule, men samtidig mykje meir. Me er ein internatskule der dei fleste av elevane bur på internat. Skulen ligg i Ølensvåg og har om lag 190 elevar. På Lundeneset er det ei rekke tilbod og m
STORD ROTARY KLUBB SINE MÅL Stord Rotary Klubb er ein av 35000 Rotary Klubbar i 220 ulike land som er engasjert i humanitære prosjekt. Klubben har 40 medlemmer som møtes kvar onsdag. Medlemmene vert rekruttert frå ulike yrker. Gjennom møter og andre aktivitetar lærer ein nye menneske å kjenna og ein
#faktiskblinoe Lærar Sivilingeniør Sjukepleiar Barnehagelærar Siviløkonom Helsesjukepleiar Nettverksteknikar Branningeniør Naturguide Sosionom Entreprenør Barnevernspedagog Personleg trenar Ergoterapeut IT-konsulent Havteknolog Jordmor Musikklærar Kjemiingeniør Dekksoffiser Vernepleia
AMALIE VANN 50.000 KR I UTDANNINGSSTIPEND 27 ÅR GAMLE AMALIE RØSTBØ VART DEN HELDIGE VINNAREN AV 50.000 KR DÅ STORD ROTARY KLUBB DELTE UT SITT ÅRLEGE UTDANNINGSSTIPEND. A Amalie bur i dag i Bergen saman med sambuaren sin, men er opphaveleg frå Kvinnerhad. Ho har bachelorgrad i kunsthistorie frå Uni