10
Fredag 18. oktober 2019
OS & FUSAPOSTEN
UNGDOM & UTDANNING
LYTT TIL HJARTA: Det beste rådet dei kan gje er å velja det du sjølv vil, ikkje det venene dine vil. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes)
Syskena frå Os gjekk to år på vidaregåande før dei våga fylgja hjarta
Medan Andreas
(20) gjekk frå
bygg og anlegg
til barnehage,
hoppa Andrine
(18) frå mat- og
restaurantfag
til TIP.
Det er inga skam å ombestemma seg.
Det kan syskena frå Gudridflaten i Os
skriva under på.
Eg trur eigentleg eg visste det heile
tida, at bygg og anlegg ikkje var det rette
for meg. Men alle kompisane mine begynte der, så då gjorde eg det også.
Andreas Lothe Måge begynte på bygg
og anlegg ved Os vidaregåande skule.
Etter å ha fullført vg1, valde han å ta året
om att.
Men det hjelpte lite. Det var jo ikkje
bygg og anlegg han eigentleg ville gå.
Mot slutten av det andre året fekk eg
ordna meg praksisplass i ein barnehage,
samtidig som eg gjekk på bygg, smiler
han.
Andreas kjende seg raskt heime. Om
han var ærleg med seg sjølv, visste han
at det var dette han eigentleg hadde hatt
lyst til heile tida.
I dag har han to år att av utdanninga
til barne- og ungdomsarbeidar. Han
stortrivst med praksisen i Espira Kuventræ barenhage.
FRÅ KOKK TIL TIP
Veslesyster Andrine Lothe Måge nikkar
gjenkjennande.
Ho er jenta som elska å laga kaker og
allereie på ungdomsskulen hadde sitt
eige firma der vener og kjende kunne
bestilla søtsaker til bursdag og fest.
I tiande klasse var eg skulelei og
tenkte at det måtte vel bli noko med mat,
så då byrja eg på mat- og restaurantfag
på Fusa vidaregåande.
Andrine fekk mange tilbakemeldingar på at ho var flink på det ho gjorde.
Likevel fann ho ikkje glede i det ho heldt
på med. Då ho etter to år skulle ut i lære,
valde ho å hoppa av.
Eg hadde ei lita stemme inni meg
som sa at dette kanskje ikkje var det rette for meg, men eg lytta ikkje. I stadenfor
gjorde eg som Andreas, valde som veninnene mine.
FRYKTA FOR Å VERA ÅLEINE
Begge to kjende på ei frykt for å byrja
på ei linje eller ein skule utan å kjenna
nokon.
Men greia er at du får nye vener. Og
du kan beholda dei gamle sjølv om du vel
noko anna enn dei, seier Andrine.
I haust byrja ho på TIP ved Os vidaregåande skule.
Korleis kom du fram til noko så annleis enn kokkefaget?
Eg brukte elimineringsmetoden.
Eg ville ikkje jobba med born, eldre eller noko helserelatert. I alle fall ikkje no.
Eg var innom TIP då eg gjekk i Fusa, og
syntest det verka kult. Og det er det også.
I desse dagar er ho på utplassering hos
Framo Fusa, same arbeidsplassen der far
hennar jobbar.
Det går veldig fint. Han passar ikkje
spesielt på meg, ler ho.
OVERRASKA VENEFLOKKEN
Både Andreas og Andrine opplevde at
dei rundt vart overraska då dei skifta
retning.
Kompisane mine stussa då eg gjekk
frå bygg til barnehage, men hallo, det
spelar vel inga rolle kor pengane kjem
frå, så lenge dei kjem inn på konto kvar
månad, seier Andreas.
Han opplever uansett at dei mange
kvinnelege kollegaene hans er veldig
glad for å få fleire menn inn i yrket sitt.
Det er bra å ha begge kjønn. I min
barnehage er vi faktisk fem menn, og
tilbakemeldinga eg har fått, er at det blir
mykje mindre drama på grunn av oss.
Andrine på si side er ei av fire jenter
ilag med 26 gutar.
Det går heilt fint. Eg opplever at alle
vert behandla likt.
KVA RÅD VIL DE GJE?
Som dei to eldste av sju sysken, har dei
fått eit svært tydeleg råd frå foreldra sine: Det er det same kva de vel, så lenge
de tek ei utdanning.
Kva råd ville de ha gjeve til tiandeklassingane Andreas og Andrine?
Undersøk kva du likar og gå den vegen du vil. Er du usikker, så prøv, seier
Andrine.
Bruk elimineringsmetoden og finn
ut kva du ikkje vil, legg Andreas til.
Begge opplever sine eigne skifte av utdanningsløp som udramatisk. Dei trengde heller ikkje byrja på nytt med alle fag,
men fekk godkjend mykje av det dei alt
hadde teke.
Så ikkje ver redd for å ombestemma
deg. Det går heilt fint, seier Andreas.
Andrine meiner også det er feil at usikre tiandeklassingar tenkjer at det luraste er å byrja på gymnas dersom ein ikkje
veit kva ein vil.
Begynn heller på yrkesfag, då får du
prøvd noko i praksis og sett om det fungerer for deg.
bAnne Marie Aarøen Vangsnes
OS & FUSAPOSTEN NYHENDE Fredag 18. oktober 2019 1 UNGDOM & UTDANNING Gratis utdanningsbilag 18. oktober 2019 Få jenter vel å bli tømrar: Tonje (22) har aldri angra Tonje Askeland er einaste jenta som jobbar med rehabillitering av Eikelandsfjorden samfunnshus. Rundt ho vrimlar det av gutar i a
2 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LEIAR Lytt til den lille stemma inni deg Medan Andreas (20) gjekk frå bygg og anlegg til barnehage, hoppa Andrine (18) frå mat- og restaurantfag til TIP. Dei er begge klare på at det er inga skam å ombestemma seg. Eg trur eigentleg eg
OS & FUSAPOSTEN 3 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING TOK VAL ETTER ARBEIDSERFARING: Ingrid Nordtveit (23) visste ikkje kva ho skulle bli, før ho hadde jobba om lag to år som pleiemedarbeidar ved Fusa bu- og behandlingssenter. - Eg er glad eg heldt fram i den jobben, for etter eit par vak
4 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING ANNLEIS FRIÅR: Maren Hoel hadde ikkje bestemt seg for kva utdanning ho ville ta, og syntest det verka spennande med eit friår i forsvaret. (Foto: Privat) I FELTEN: Anna Skaathun Epland i felten. (Foto: Privat) FERDIG LØPT: Emilie Høy
OS & FUSAPOSTEN 5 Fredag 18. oktober 2019 Skuleåret 2020-21 OS VIDAREGÅANDE SKULE HORDALAND FYLKESKOMMUNE for samarbeid og læring SANITETSBATALJONEN: Emilie Høysæther Opheim og Anna Skaathun Epland, saman med Elise Selland, på dimmedagen i juli. (Foto: Privat) utan mat, og at sekken er utruleg
6 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING SIKKER FRAMTID SOM LÆRAR: Aleksandra Hjelle (24) flytta heim til Os og skreiv masteroppgåve då ho fekk jobb som ringevikar på Kuventræ skule. No er ho vikar som kontaktlærar, og stortrivst i rolla der ho får nytta alle sine faglege inte
OS & FUSAPOSTEN 7 Fredag 18. oktober 2019 Med fokus på lærlinger velg en utdanning for fremtiden... Å velge hvilket yrke man skal satse på er et av livets viktigste valg. Nokre endringar har kome i utdanninga sidan Aleksandra starta sin karriereveg mot læraryrket. Frå hausten 2017 må alle gå eit
8 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING ARBEIDSPLASS OG FRILUFTSLIV: På Naturbruk-linja får ein læra om korleis ein kan nytta naturen både som arbeidsplass og til friluftsliv. (Foto: Fusa vgs) Har tredobla talet elevar på tre år Naturbruk-linja ved Fusa vgs vert stadig meir
OS & FUSAPOSTEN 9 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING OPPDRETT: Oppdrettsnæringa er berre ei av næringane kor ein kan sjå for seg å jobba etter eit slikt utdanningsløp. SLAKTING: På timplanen står mellom artskunnskap, korleis produksjon av mat foregår med både fiske og fangst og slakting
10 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LYTT TIL HJARTA: Det beste rådet dei kan gje er å velja det du sjølv vil, ikkje det venene dine vil. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes) Syskena frå Os gjekk to år på vidaregåande før dei våga fylgja hjarta Medan Andreas (20) gjekk fr
OS & FUSAPOSTEN 11 Fredag 18. oktober 2019 NYHENDE Sjekk ut vilbli.no Vilbli.no er fylkas informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring. Her finn du nyttig informasjon om både skular, lærlingplassar og yrke. På vilbli.no får du ein kjapp introduksjon til vidaregåande opplæring. Kva
12 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Håvard starta på ny frisk i ein alder av 41 Etter åtte år som parkeringsvakt, var Håvard Ravnanger Innbjør klar for nye utfordringar. Yrkessjåførlina ved Os vidaregåande skule har gjeve 41-åringen ein ny kvardag. Etterpå skal eg køy
OS & FUSAPOSTEN 13 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING FRÅ PARKERINGSVAKT TIL BUSSJÅFØR: Håvard Ravnanger Innbjør er ein sørvisinnstilt kar som, etter åtte år i parkeringsvaktyrket, er van med å handtera vanskelege kundar. Det kan koma godt med i bussjåføryrket også. All erfaring, er god
14 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LIKAR SØTSAKAR: Eplepai med eple frå naboen sin hage er ein av dei rettane Vilde likar best å laga. Men det vart for langt å reisa til Sandsli for å gå VG2 matfag og bli konditor eller bakar. Difor vart det kokk, og etter to år, søkte
OS & FUSAPOSTEN 15 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING SØTE FRISTINGAR: - På skulen laga me ofte mat til oss sjølve. Dessert og kaker er favorittrettane mine, men eg likar godt å arbeida med kjøt også, seier Vilde. VARIERTE OPPGÅVER: Noko av det Vilde likar best, er dei varierte oppgåven
16 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING FØREBUDD på det stooore VALET: Har i alle høve staka ut Elevane i 10 A på Nore Neset trur dei veit kvar dei skal etter ungdomsskulen. 1. THEA BIRKELAND 1: Veit ikkje 2: Kanskje noko med dyr eller idrett 3: Nei 4: Netflix-linja Me
OS & FUSAPOSTEN 17 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING ut kurs og retning 3 der. Mange har ønskt seg ein særeigen utdanning til nett den hobbyen eller idretten dei driv med. Ein del av dette finst jo, men kanskje ikkje for alt, seier Haugsjerd. Men det var eitt svar ho likte svært godt.
18 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING MATSALEN: Det hender at Ingvar Mjanger Rafteseth byter internatmaten med ein grandis. Det får jentene i bakgrunnen til å rista oppgitt på hovudet. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes) Elev om internatlivet: Det er heilt fantastisk å h
OS & FUSAPOSTEN 19 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING UNIK RELASJON: Elevar og lærarar får eit meir personleg forhold på ein internatskule, meiner elevane. Her eksemplifisert ved Karolius i 3A og religionslærar Marius Haugland Schwarz. Elevane ved Kongshaug Musikkgymnas bedriv sosial ek
20 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING DRONNING: Villaen frå 1905 vert mellom anna leigd ut som selskapslokale. ( ELDSTE BYGNING: Låven frå 1860-talet stod ferdig oppussa i 2017. Her er personal og elevar på veg til den daglege andaktssamlinga på loftet. 3A: Elevane vedg
OS & FUSAPOSTEN 21 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING NYHENDE Også i år frakter vi elevene trygt frem til messen! LOFTET: Låveloftet vert også brukt til sal og scene. VILLAEN: Sara Skaatun i 3A slappar av i noko heilt anna enn ein pinnestol frå IKEA. ( Vi tilrettelegger og arrangerer
22 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING FORDJUPAR SEG I SPELA: Det nye programfaget som vart starta opp i haust på Os gymnas, lar elevane fordjupa seg i spela League of Legends, Overwatch og Counter Strike. Dei lærer og korleis dei skal driva på som toppidrettsutøvarar, om
OS & FUSAPOSTEN 23 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING B i Tømrer Ønsker du deg en og FÅR LEKSER OG INNLEVERINGAR: Me har allereie hatt innleveringsoppgåve der me måtte setja oss konkrete mål for kva me ønskjer å oppnå i spela me satsar på, seier Halvor Høyland. variert aktiv arbeid
24 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING PÅ STORLEIK MED BERGEN: Strasbourg er en by i departementet Bas-Rhin i Alsace i regionen Grand Est i Frankrike. Byen er på storleik med Bergen og har kring 277.000 innbyggjarar. Med sine 43.000 studenter er universitetet i Strasbourg d
OS & FUSAPOSTEN 25 Fredag 18. oktober 2019 UTVIKLANDE SOM MENNESKE Då ho reiste nedover, tenkte ho mykje på kva ho skulle læra på universitetet. Det ho ikkje tenkte på, var kor mykje ho kom til å læra om det å vera menneske. Her er tempoet eit heilt anna enn i Noreg. På jobb skal ein vera punktl
26 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Få jenter vel å bli tømrar: Det er ikkje så tungt som ein trur Tonje Askeland er einaste jenta som jobbar med rehabillitering av Eikelandsfjorden samfunnshus. Rundt ho vrimlar det av gutar i arbeidsklede. b EIKELANDSOSEN Det er ga
OS & FUSAPOSTEN 27 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING LITE JENTER VEL TØMRARFAGET: Tonje Askeland (22) er ei av få jenter som vel å bli tømrar. Ho lovar at yrket ikkje er for fysisk tungt for kvinner. - Ein må ha ein kropp som er frisk nok til å tåla ein aktiv kvardag, men som de ser, er
28 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Med linje for dei hesteinteresserte Anten du har ambisjonar om å jobba i hestefaget eller vil ha hest som hobby, kan Stend vera eit alternativ. - Du må ikkje ha eigen hest for å gå på hestelinja, men om du har, så har vi plass til den
OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Fredag 18. oktober 2019 OVER 70% AV JORDA SI OVERFLATE ER DEKKA AV HAV, BERRE 7% AV MATPRODUKSJONEN KJEM FRÅ HAVET. I 2050 VIL ME VERE 9 MILLIARDAR MENNESKE. FRAMTIDA ER HAVET. Framtida er havet! VIL DU ARBEIDA I FRAMTIDAS NÆRING? Me treng lærlingar og fagarbei
30 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Program Onsdag 6. November 2019 NORE NESET AKTIVITETSHUS Kl. 09.30 Messa opnar for elever onsdag 6. og torsdag 7. november Tid på messa Kl. 09.30 11.30 Os Ungdomsskule trinn 9 Kl. 09.30 11.30 Hatlestrand skule Program Kl. 09.30
OS & FUSAPOSTEN 31 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING
32 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Med stø kurs for havet Avdelingsleiar for fellesfag og rådgjevar, Helga T. Rabben, påpeikar at Noreg i dag er ein av verdas viktigaste sjømatnasjonar. - Fisk er ein fornybar og varig ressurs dersom den vert forvalta klokt. Berekraftig