OS & FUSAPOSTEN
3
Fredag 18. oktober 2019
UNGDOM & UTDANNING
TOK VAL ETTER ARBEIDSERFARING: Ingrid Nordtveit
(23) visste ikkje kva ho skulle bli, før ho hadde jobba om lag to
år som pleiemedarbeidar ved Fusa bu- og behandlingssenter.
- Eg er glad eg heldt fram i den jobben, for etter eit par vakter
med opplæring var eg ikkje motivert til å jobba med dette
yrket. Meininga det gir var det som snudde planane mine, seier
ho. (Foto: Karoline Forselius).
tiske. Arbeidsoppgåvene er mange, og ein må forholda
seg til både kollegaer, legar, pårørande og sjølvsagt til
pasientane.
Me gjer mykje administrativt arbeid når me er inne
på kontoret. Me skriv journalar, klargjer og gjer ut medisinar og pakkar utstyr me treng ute i felten, seier ho.
Når me er ute hos pasientane, veit me aldri kva me
møter. Me kjenner dei jo, men om dei har det bra eller
treng akutt hjelp, er ting ein må vera førebudd på når
ein kjem heim til dei på den daglege runden. Elles gjer
me alt frå stell til å setja på støttestrømper, ordna med
kateter eller gjera kompliserte sårskift, held ho fram.
IKKJE VANSKELEG Å FÅ JOBB
Etter Ingrid leverte bacheloroppgåva og vart ferdig utdanna i juni i år, har ho vore i 100 % stilling som heimesjukepleiar sidan ho fekk jobbtilbod allereie i april.
Ho seier det ikkje er noko problem å få seg fast stilling
om ein ser litt utanfor byane.
På sjukehusa er det vanskeleg å få fast arbeid, det er
dei mest lukrative plassane å jobba. Men i kommunalomsorga bør det vera langt enklare å få seg arbeid om
ein verkeleg vil det. Eg trur at om ein bankar på døra
og visar interesse, så får ein nok jobb ganske kjapt, for
det er behov for sjukepleiarar dei fleste stader, seier ho.
Sjølv tok ho utdanninga ved Vid vitskapelege høgskule, som tidlegare var Betanien Høgskule. Den treårige utdanninga var tøffare enn kva Ingrid tenkte på
førehand.
Me hadde praksis halvparten av studietida, og det
er mykje teori. Det var i periodar tungt å skulla setja
teori ut i praksis, men det gjekk betre etter kvart, konkluderer ho.
kjem til når me reiser heim til pasientane. Men eg har ikkje opplevd å få bruk for akuttsekken enno, heldigvis.
På
ungdomsskulen og
vidaregåande visste
ho ikkje kva ho skulle
bli. Eg trur det er
smart å prøva seg i
arbeidslivet før ein vel
utdanning.
valet på det som då heitte studiespesialiserande med
formgjeving, eller Kunst, design og arkitektur som det
no heiter. Då sikra ho seg studiekompetanse, og fekk
gjera noko ho treivst med i skulekvardagen. Då ho var
ferdig med dei tre åra, flytta ho til Haugesund for å studera Nautikk, som er eit studium som gjev ei yrkesretning som dekksoffiser etter fullført utdanning.
Eg var der i ei veke og så flytta eg heim, seier ho
og ler.
Det var ikkje noko for meg, det innsåg eg ganske
kjapt, legg ho til.
Då ho kom heim, fekk ho seg heller jobb i kantina på
Frank Mohn, og seinare jobb som pleiemedarbeidar
på FBBS. Men ho hadde aldri sett føre seg å jobba med
menneske før ho byrja som pleiemedarbeidar.
På personalrommet på Fusa bu- og behandlingssenter er det roleg når
Ingrid har lunsjpause. Det er ei av dei få ledige augneblikka ho har på jobb som heimesjukepleiar.
Dagane er varierte og går utruleg fort, det er jo eit
godt teikn på at ein trivst i jobben sin, seier ho.
SPREIER GLEDE
Hadde det ikkje vore for den arbeidserfaringa eg fekk
den gong, hadde eg nok ikkje blitt sjukepleiar. Etter dei
første opplæringsvaktene var eg sikker på at her skulle
eg i alle fall ikkje jobba meir, fortel ho.
Men etter kvart som ho heldt fram med arbeidet på
sjukeheimen, endra innstillinga seg. Då ho såg betydninga av arbeidet ho la ned, skjønte ho at det var sjukepleie som var vegen å gå likevel.
Det er utruleg meiningsfylt arbeid me gjer. For pasientane kan me løfta dagen deira om dei har ein dårleg
dag, og dei vert ofte glade når me kjem og slår av ein
prat og visar omsorg for dei, fortel ho.
GJEKK EI VEKE PÅ NAUTIKK
Då ho skulle velja studieretning på vidaregåande, falt
VEIT IKKJE KVA ME KJEM TIL
Som heimesjukepleiar kan dagane vera lange og kao-
b EIKELANDSOSEN
MÅ VERA GLAD I MENNESKE
For å bli ein god sjukepleiar meiner Ingrid at ein først
og fremst må vera glad i menneske, og bry seg om dei,
både store og små.
Ein må vera omsorgsfull og empatisk skal ein vera
sjukepleiar. I tillegg bør ein vera lærevillig, løysingsorientert, lika å jobba, og vera positiv som person og kunna improvisera, for det skjer ting ein ikkje har planlagt
heile tida, seier ho.
Når det kjem til løn og arbeidstider, er ikkje sjukepleiaryrket det med høgast status, men det er fult mogeleg
å leva av og trivast likevel, skal ein tru den energiske
jenta.
Me jobbar jo ofte på tider andre ikkje er på jobb.
Ein går kveld, helg og natt, på høgtidsdagar og vanlege
dagar. Løna er ikkje noko å jubla over, men me får ein
del tillegg som gjer at ein kan leva greitt av jobben, fortel ho.
Men så er det heller ikkje løn og arbeidstider me
prioriterer i denne jobben. Det er den meiningsfylte
kontakten med menneske som driv oss, konkluderer
ho.
bKaroline Forselius
karfors88@gmail.com
OS & FUSAPOSTEN NYHENDE Fredag 18. oktober 2019 1 UNGDOM & UTDANNING Gratis utdanningsbilag 18. oktober 2019 Få jenter vel å bli tømrar: Tonje (22) har aldri angra Tonje Askeland er einaste jenta som jobbar med rehabillitering av Eikelandsfjorden samfunnshus. Rundt ho vrimlar det av gutar i a
2 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LEIAR Lytt til den lille stemma inni deg Medan Andreas (20) gjekk frå bygg og anlegg til barnehage, hoppa Andrine (18) frå mat- og restaurantfag til TIP. Dei er begge klare på at det er inga skam å ombestemma seg. Eg trur eigentleg eg
OS & FUSAPOSTEN 3 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING TOK VAL ETTER ARBEIDSERFARING: Ingrid Nordtveit (23) visste ikkje kva ho skulle bli, før ho hadde jobba om lag to år som pleiemedarbeidar ved Fusa bu- og behandlingssenter. - Eg er glad eg heldt fram i den jobben, for etter eit par vak
4 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING ANNLEIS FRIÅR: Maren Hoel hadde ikkje bestemt seg for kva utdanning ho ville ta, og syntest det verka spennande med eit friår i forsvaret. (Foto: Privat) I FELTEN: Anna Skaathun Epland i felten. (Foto: Privat) FERDIG LØPT: Emilie Høy
OS & FUSAPOSTEN 5 Fredag 18. oktober 2019 Skuleåret 2020-21 OS VIDAREGÅANDE SKULE HORDALAND FYLKESKOMMUNE for samarbeid og læring SANITETSBATALJONEN: Emilie Høysæther Opheim og Anna Skaathun Epland, saman med Elise Selland, på dimmedagen i juli. (Foto: Privat) utan mat, og at sekken er utruleg
6 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING SIKKER FRAMTID SOM LÆRAR: Aleksandra Hjelle (24) flytta heim til Os og skreiv masteroppgåve då ho fekk jobb som ringevikar på Kuventræ skule. No er ho vikar som kontaktlærar, og stortrivst i rolla der ho får nytta alle sine faglege inte
OS & FUSAPOSTEN 7 Fredag 18. oktober 2019 Med fokus på lærlinger velg en utdanning for fremtiden... Å velge hvilket yrke man skal satse på er et av livets viktigste valg. Nokre endringar har kome i utdanninga sidan Aleksandra starta sin karriereveg mot læraryrket. Frå hausten 2017 må alle gå eit
8 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING ARBEIDSPLASS OG FRILUFTSLIV: På Naturbruk-linja får ein læra om korleis ein kan nytta naturen både som arbeidsplass og til friluftsliv. (Foto: Fusa vgs) Har tredobla talet elevar på tre år Naturbruk-linja ved Fusa vgs vert stadig meir
OS & FUSAPOSTEN 9 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING OPPDRETT: Oppdrettsnæringa er berre ei av næringane kor ein kan sjå for seg å jobba etter eit slikt utdanningsløp. SLAKTING: På timplanen står mellom artskunnskap, korleis produksjon av mat foregår med både fiske og fangst og slakting
10 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LYTT TIL HJARTA: Det beste rådet dei kan gje er å velja det du sjølv vil, ikkje det venene dine vil. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes) Syskena frå Os gjekk to år på vidaregåande før dei våga fylgja hjarta Medan Andreas (20) gjekk fr
OS & FUSAPOSTEN 11 Fredag 18. oktober 2019 NYHENDE Sjekk ut vilbli.no Vilbli.no er fylkas informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring. Her finn du nyttig informasjon om både skular, lærlingplassar og yrke. På vilbli.no får du ein kjapp introduksjon til vidaregåande opplæring. Kva
12 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Håvard starta på ny frisk i ein alder av 41 Etter åtte år som parkeringsvakt, var Håvard Ravnanger Innbjør klar for nye utfordringar. Yrkessjåførlina ved Os vidaregåande skule har gjeve 41-åringen ein ny kvardag. Etterpå skal eg køy
OS & FUSAPOSTEN 13 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING FRÅ PARKERINGSVAKT TIL BUSSJÅFØR: Håvard Ravnanger Innbjør er ein sørvisinnstilt kar som, etter åtte år i parkeringsvaktyrket, er van med å handtera vanskelege kundar. Det kan koma godt med i bussjåføryrket også. All erfaring, er god
14 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING LIKAR SØTSAKAR: Eplepai med eple frå naboen sin hage er ein av dei rettane Vilde likar best å laga. Men det vart for langt å reisa til Sandsli for å gå VG2 matfag og bli konditor eller bakar. Difor vart det kokk, og etter to år, søkte
OS & FUSAPOSTEN 15 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING SØTE FRISTINGAR: - På skulen laga me ofte mat til oss sjølve. Dessert og kaker er favorittrettane mine, men eg likar godt å arbeida med kjøt også, seier Vilde. VARIERTE OPPGÅVER: Noko av det Vilde likar best, er dei varierte oppgåven
16 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING FØREBUDD på det stooore VALET: Har i alle høve staka ut Elevane i 10 A på Nore Neset trur dei veit kvar dei skal etter ungdomsskulen. 1. THEA BIRKELAND 1: Veit ikkje 2: Kanskje noko med dyr eller idrett 3: Nei 4: Netflix-linja Me
OS & FUSAPOSTEN 17 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING ut kurs og retning 3 der. Mange har ønskt seg ein særeigen utdanning til nett den hobbyen eller idretten dei driv med. Ein del av dette finst jo, men kanskje ikkje for alt, seier Haugsjerd. Men det var eitt svar ho likte svært godt.
18 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING MATSALEN: Det hender at Ingvar Mjanger Rafteseth byter internatmaten med ein grandis. Det får jentene i bakgrunnen til å rista oppgitt på hovudet. (Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes) Elev om internatlivet: Det er heilt fantastisk å h
OS & FUSAPOSTEN 19 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING UNIK RELASJON: Elevar og lærarar får eit meir personleg forhold på ein internatskule, meiner elevane. Her eksemplifisert ved Karolius i 3A og religionslærar Marius Haugland Schwarz. Elevane ved Kongshaug Musikkgymnas bedriv sosial ek
20 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING DRONNING: Villaen frå 1905 vert mellom anna leigd ut som selskapslokale. ( ELDSTE BYGNING: Låven frå 1860-talet stod ferdig oppussa i 2017. Her er personal og elevar på veg til den daglege andaktssamlinga på loftet. 3A: Elevane vedg
OS & FUSAPOSTEN 21 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING NYHENDE Også i år frakter vi elevene trygt frem til messen! LOFTET: Låveloftet vert også brukt til sal og scene. VILLAEN: Sara Skaatun i 3A slappar av i noko heilt anna enn ein pinnestol frå IKEA. ( Vi tilrettelegger og arrangerer
22 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING FORDJUPAR SEG I SPELA: Det nye programfaget som vart starta opp i haust på Os gymnas, lar elevane fordjupa seg i spela League of Legends, Overwatch og Counter Strike. Dei lærer og korleis dei skal driva på som toppidrettsutøvarar, om
OS & FUSAPOSTEN 23 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING B i Tømrer Ønsker du deg en og FÅR LEKSER OG INNLEVERINGAR: Me har allereie hatt innleveringsoppgåve der me måtte setja oss konkrete mål for kva me ønskjer å oppnå i spela me satsar på, seier Halvor Høyland. variert aktiv arbeid
24 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING PÅ STORLEIK MED BERGEN: Strasbourg er en by i departementet Bas-Rhin i Alsace i regionen Grand Est i Frankrike. Byen er på storleik med Bergen og har kring 277.000 innbyggjarar. Med sine 43.000 studenter er universitetet i Strasbourg d
OS & FUSAPOSTEN 25 Fredag 18. oktober 2019 UTVIKLANDE SOM MENNESKE Då ho reiste nedover, tenkte ho mykje på kva ho skulle læra på universitetet. Det ho ikkje tenkte på, var kor mykje ho kom til å læra om det å vera menneske. Her er tempoet eit heilt anna enn i Noreg. På jobb skal ein vera punktl
26 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Få jenter vel å bli tømrar: Det er ikkje så tungt som ein trur Tonje Askeland er einaste jenta som jobbar med rehabillitering av Eikelandsfjorden samfunnshus. Rundt ho vrimlar det av gutar i arbeidsklede. b EIKELANDSOSEN Det er ga
OS & FUSAPOSTEN 27 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING LITE JENTER VEL TØMRARFAGET: Tonje Askeland (22) er ei av få jenter som vel å bli tømrar. Ho lovar at yrket ikkje er for fysisk tungt for kvinner. - Ein må ha ein kropp som er frisk nok til å tåla ein aktiv kvardag, men som de ser, er
28 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Med linje for dei hesteinteresserte Anten du har ambisjonar om å jobba i hestefaget eller vil ha hest som hobby, kan Stend vera eit alternativ. - Du må ikkje ha eigen hest for å gå på hestelinja, men om du har, så har vi plass til den
OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Fredag 18. oktober 2019 OVER 70% AV JORDA SI OVERFLATE ER DEKKA AV HAV, BERRE 7% AV MATPRODUKSJONEN KJEM FRÅ HAVET. I 2050 VIL ME VERE 9 MILLIARDAR MENNESKE. FRAMTIDA ER HAVET. Framtida er havet! VIL DU ARBEIDA I FRAMTIDAS NÆRING? Me treng lærlingar og fagarbei
30 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Program Onsdag 6. November 2019 NORE NESET AKTIVITETSHUS Kl. 09.30 Messa opnar for elever onsdag 6. og torsdag 7. november Tid på messa Kl. 09.30 11.30 Os Ungdomsskule trinn 9 Kl. 09.30 11.30 Hatlestrand skule Program Kl. 09.30
OS & FUSAPOSTEN 31 Fredag 18. oktober 2019 UNGDOM & UTDANNING
32 Fredag 18. oktober 2019 OS & FUSAPOSTEN UNGDOM & UTDANNING Med stø kurs for havet Avdelingsleiar for fellesfag og rådgjevar, Helga T. Rabben, påpeikar at Noreg i dag er ein av verdas viktigaste sjømatnasjonar. - Fisk er ein fornybar og varig ressurs dersom den vert forvalta klokt. Berekraftig